Hopp til hovedinnhold

Brain rot på norsk?

Spørsmål

Kva kan brain rot eller brainrot kallast på norsk? Ordet viser til 1) sløvsinn som følgje av overdrive inntak av lettmeltande  medieinnhald med låg kvalitet, 2) det tvilsame medieinnhaldet og det verdlause tidtrøytet. Brain rot vart kåra til Oxford Word of the Year 2024.


Svar

I den norske Wikipedia-artikkelen om emnet finn vi den direkte omsetjinga hjerneròte (bokmål hjerneråte). Ordet er er allereie teke i bruk i både tale og skrift, og det ser ut til å fungere bra.

Hjerneròte høver godt om tilstanden (1), men ikkje fullt så godt om det som fører til han (2).

Ròte er rotning og ròtenskap, ikkje det å få noko til å rotne. Det å få noko til å rotne heiter etter gammalt å røyte (noko). Medieinnhaldet som fører til hjerneròte, kunne i teorien heitt hjernerøyte, og mediebruken eller tidtrøytet kunne heitt hjernerøyting.

Men orda røyting og røyte er ikkje lenger godt kjende i den grunnleggjande tydinga knytt til rotning. Vi må difor nøye oss med hjerneròte i alle tydingane.

Ein merknad om skrivemåte og uttale til slutt: O-ane i orda ròte og rotne er opne – som o-ane i sove og sovne – det vil seie at dei jamnast blir uttalte som /å/ i dei dialektane der dei ikkje blir til /ø/.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.