Alibi – uttale
Spørsmål
Korleis uttalar ein ordet alibi – med trykk på fyrste eller siste stavinga?
Svar
Det er valfritt.
I Noreg er uttale med visse unnatak ikkje offisielt normert. Vi kan likevel gje råd om uttale ut frå kva som er vanleg eller har tradisjon. Her er Bjarne Berulfsens Norsk uttaleordbok (Aschehoug, 1969) ei god kjelde, særleg for bokmål.
Hjå Berulfsen heng trykk på fyrste stavinga saman med lang a, men om ein elles har «folkeleg» austnorsk uttale, kan ein saktens seia /allibi/ òg (med tonem 2).
Sist oppdatert: 01. januar 2024
Om basen
Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.
I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.