Hopp til hovedinnhold

Å lage verb av substantiv?

Spørsmål

Vi har tallause substantiv som vert omgjorde til verb: ein fest – å feste (delta i festleg lag), ein bil – å bile, eit tak – å take (at bilen tippar rundt og hamnar på taket). Kva meiner Språkrådet om slike nyord?


Svar

Språkrådet har ingen innvendingar mot denne måten å lage nyord på, så sant det nye ordet verkeleg trengst, og det ikkje verkar forvirrande eller kjem i staden for eit anna godt ord eller uttrykk.

Nokre ord, som å take i den nye tydinga, kan ein rett nok ikkje vente at folk forstår utan vidare.

Vi har alltid laga verb med denominative avleiingar, som det heiter. Fenomenet er eldre i språket vårt enn namnet norsk er. Særleg mange av verba som vert bøygde med -a i fortid (-a eller -et i bokmål), kjem av substantiv. Sjå utklipp frå Olav Beito Nynorsk grammatikk (1986):

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.