Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Språkspørsmål og svar

Stemmer det at man må skrive enten «Med hilsen» eller «Vennlig hilsen», og at «Med vennlig hilsen» er feil? Og hva med flertall? Jeg ser at noen skriver «Med vennlige hilsener».

Svar

Rent grammatisk er det helt i orden å skrive «Med vennlig hilsen». Flertall bruker vi normalt ikke i selve hilsenen.

Mange har lært at det eneste riktige er å velge enten «Med hilsen» eller «Vennlig hilsen», ikke noe annet. Den som vil være helt trygg og ikke risikere kritikk fra noen, kan gjerne følge denne skikken.

Kanskje bør man ikke være så redd for å sløyfe «vennlig». Det kan lett gå inflasjon i overflatisk vennlighet. I statstjenesten er «Med hilsen» oftest godt nok, og i f.eks. vedtak er det ikke alltid noen hilsen i det hele tatt. Her kan man følge tradisjonen der man arbeider, om ikke noe annet er vedtatt.

«Med vennlige hilsener» er et uttrykk vi helst finner i tvilsomme oversettelser. Flere hilsener fra én til én er ikke vanlig på norsk. Dersom man skal hilse fra flere, er det ikke galt med flertall, men det er heller ikke nødvendig.

Eit par tilleggsmoment til slutt:

Forkortelsen «Mvh.» er neppe vennligere enn bare «Hilsen». Skal man først være ekstra vennlig, kan man koste på seg å skrive ordene fullt ut.

Merk at det ikke skal settes komma mellom «hilsen» og navnet!

Les mer om hilsener i e-post på denne siden.

Heter det godt nytt år, godt nyttår, godt nyår eller hva?

Svar

Alt dette er brukbare hilsener.

Når man har hele det nye året i tankene, foretrekkes nå gjerne godt nytt år i to ord. Ordet nyttår er jo tvetydig; det viser nå primært til årsskiftet og tida eller feiringa rundt det (slik nyår gjør på svensk), jf. uttrykket over nyttår.

I mange dialekter og i landsmål/nynorsk har man helst brukt nyår for nyttår (og tilsvarende nyårskvelden, nyårsaftan, nyårseftan og nyårsdagen). Nyår er en eldre konstruksjon enn nyttår. De fleste norsktalende kjenner vel fremdeles frasen (ut)på nyåret.

En enda mer tradisjonell hilsen er godt år; den brukes gjerne etter årsskiftet.

Godt nyår og godt år er lite brukt i bøker på bokmål og riksmål, men f.eks. Knut Hamsun og Edvard Grieg har brukt både disse og «godt nytaar/nytår» i brev, og Henrik Ibsen har brukt alle variantene.

PS: Noen spør om godt, nytt år med komma er riktig. Svaret må nesten bli nei, for dette betyr det samme som godt og nytt år, som er en merkelig formulering.

Når ein innleier eit brev med eit Hei eller God dag som står åleine på lina (eller berre med namn etter), skal ein då nytta komma, punktum, utropsteikn eller ingenting? Og kva skal stå etter Kjære?

Svar

Når helsingar som Hei, Hallo og God dag står åleine på lina, skal det ikkje setjast komma eller punktum etter. Står det eit namn etter helsingsordet, skal det setjast komma føre namnet (ikkje etter). Utropsteikn til slutt er valfritt.

Litt andre reglar gjeld for Kjære, sjå andre bolken nedanfor.

Alt som står nedanfor, gjeld òg e-post. Men i korte meldingar der ein ikkje har nytt avsnitt etter helsinga, må ein setja punktum etter dersom ein ikkje vel utropsteikn.

Reglane gjeld sjølvsagt bokmål så vel som nynorsk.

Komma berre mellom helsinga og namnet

Alternativa er altså:

Hei
Hei!
Hei, Anna
Hei, Anna!

Den same regelen gjeld for alt frå Hallo til God dag. (Men etter Gratulerer må ein nesten ha med utropsteiknet!)

Regelen gjeld òg om ein tek med etternamnet, men mange tykkjer at det er rart å kombinera det uformelle Hei med etternamn, og at Hei gjer seg best mellom vener og kjende. Ein kan difor gjerne bruka God dag, NN og Gode NN oftare når ein skriv til nokon ein ikkje kjenner godt, og ein kan reservera utropsteiknet for spesielle høve.

Hei er ein interjeksjon, eit utropsord, så etter gamle reglar skal det stå utropsteikn etter. Men det har gått inflasjon i helsinga, så utropsteikn kan av og til verka overdrive. Den som skriv, må få velja i samsvar med situasjon, mottakar og sinnsstemning. Utropsteikn er nok vanlegast når ordet står åleine.

Ikkje komma mellom Kjære og namnet

Kjære er ikkje ein interjeksjon, så her har utropsteiknet aldri vore obligatorisk. Det er valfritt, som ein humørmarkør. Kjære står dessutan direkte til namnet (til den «kjære» personen), og difor skal det ikkje vera komma etter ordet.

Kjære Anna
Kjære Anna Etternamn
Kjære Anna!
(Kjære Anna Etternamn!)

Same regelen gjeld for Gode.

Neste avsnitt

Merk at fyrste lina i neste avsnitt alltid skal innleiast med stor forbokstav:

Kjære Anna / Hei, Anna!

Her har det regna to veker i strekk!

Eg ser på nettet at stadig fleire avsluttar innlegg med «Ta vare!». Det minner om det engelske «Take care!». På norsk verkar det amputert. Kan det vera rett å bruka det?

Svar

«Ta vare!» er eit nyare omsetjingslån frå engelsk. Stilistisk er det svært markert, og mange synest det skurrar kraftig. Det kan vera lurt å velja noko anna.

Amputasjonen er for så vidt ikkje verre enn den vi finn i «Ha det!» for «Ha det bra/godt!», så uttrykket kan slik sett godtakast reint grammatikalsk, i alle fall til munnleg bruk. Men det er mykje som talar for å velja andre uttrykk. Språkrådet vil ikkje rå statstilsette til å skriva «Ta vare!» i offentleg kommunikasjon.

Omsetjingslån – ver varsam!

Den kraftige spreiinga av uttrykket i seinare tid tyder altså på at dette er eit omsetjingslån av «Take care!». Ein kan òg sjå uttrykket som ein kortvariant av «Ta vare på deg sjølv!».

Det fullstendige uttrykket «Ta vare på deg sjølv» er heller ikkje heilt innarbeidd i norsk. Det er nok i stor grad inspirert av «Take care (of yourself)». Uttrykket var ikkje vanleg før krigen, men det har vorte mykje nytta i omsetjingar frå engelsk seinare. «Pass på deg sjølv!» er heller ikkje mykje brukt i den aktuelle tydinga frå gammalt av.

Det er ikkje noko i vegen for å ta omsetjingslån inn i språket der det ikkje finst dekkjande uttrykk frå før. Der vi allereie har eit fullgodt norsk uttrykk, rår vi til å halda på det. Folk får sjølv vurdera om det er verdt å ta i bruk «Ta vare!» privat, men dei bør ha i mente at uttrykket kan verka irriterande på meir tradisjonsbundne språkbrukarar.

Liknande uttrykk i tradisjonell norsk

Her kjem fleire opplysningar om «omsorgsfulle» helsingar i norsk, om du skulle vera interessert i det.

Åtvaring, varsemd og andre ord og uttrykk med den slags varleik er eldgamle i norsk. Vi tek gjerne vareting, men vi har altså ikkje tradisjon for det å ta vare på seg sjølv, reint språkleg. Når ein før bad nokon om å ta seg i vare eller å vara seg, tenkte ein gjerne på noko vedkomande snart skulle gjera (nærare bestemt: ikkje noko dumt). Uttrykk for den same omsuta er å be nokon passa seg, akta seg eller vera varsam/forsiktig. Ein kan saktens be nokon fara varleg/varsamt i staden for å be dei ta vare, men tradisjonelt fer ein oftast varleg med noko (altså ein ting – og ikkje med seg sjølv).

For å ynskja einannan god helse eller velferd ved avskil har vi helst brukt heilt andre uttrykk på norsk. «Far vel!» er ei gammal helsing som er vorten stilistisk markert. Det same gjeld «Lev vel!», «Lev no vel!» og liknande, sagt til nokon som ikkje skal fara nokon stad. I nyare tid har «Ha det godt/bra!» vore det vanlege. Aller vanlegast er vel den amputerte varianten «Ha det!». Ei traustare, men like usentimental avskilshelsing er «Vi snakkast!». Ein treng ikkje å presisera at ein ikkje ynskjer å snakkast frå sjukesenga.

Når nokon fyrst er sjuke, kjem naturlegvis «God betring!» og liknande frasar inn i biletet. Men elles er helsa og tryggleiken ofte unemnd ved farvel. Eit særmerkt unnatak er det trøndske «Itj fårrå nålles!» (= «Ikkje far nokoleis», altså ‘ikkje kom ut for skade på noko vis’). Merk at skaden/lukka ikkje er eksplisitt nemnd her heller. Eit døme på det same (før eit tiltak) er «Tvi tvi!» (= «Lukke til!») – opphavleg i form av spytting eller spyttelydar. I folketrua kan det tyda ulukke å nemna lukke eller ulukke eksplisitt.

Helseaspektet må likevel ha vore meir framme i retteleg gamle dagar, for sjølve orda å helsa og helsing inneheld opphavleg ein referanse til god helse. No har helsa altså kome i framgrunnen att, via engelsk. Det nye uttrykket «Ta vare!» = «Ha det!» med «Ver varsam!» + «Hald deg frisk!» innbakt. Vi har så å seia fått ein føre-var-variant av «God betring!», eller med andre ord: «God førebygging!»