Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og skal særleg arbeida med å styrkja statusen til det norske språket i nåtid og framtid, og forvalta dei offisielle normene for dei to norske skriftspråka (bokmål og nynorsk). Språkrådet har operativt ansvar for den sektorovergripande og heilskaplege norske språkpolitikken, som omfattar alle språka Noreg har eit særleg ansvar for. Det inneber ikkje at Språkrådet skal utføra konkrete oppfølgingstiltak på alle sektorområde, men at verksemdas rolle er å skaffa innsikt i språksituasjonen, og å samordna og rettleia sektorane.
Tilgang til fellesspråket norsk er naudsynt for å sikra myndiggjering og tilgang til demokrati og deltaking for innbyggjarane i Noreg, og språket vårt er grunnleggjande infrastruktur for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Språkrådets oppdrag med å forvalta norm og rettskriving og samordna statens gjennomføring av språkpolitikken er dermed av svært stor tyding for heile det norske samfunnet.
Hovudsatsingar i strategiperioden
Språkrådet har mange og samansette oppgåver. Strategien for perioden 2025–2028 skal ikkje løfta fram alle saksfelt, men peika ut tre hovudområde for strategisk satsing. I strategiperioden skal arbeidet i heile verksemda rettast inn mot desse tre prioriteringane:
Norsk språk som tilgang til demokrati og medborgarskap, samfunns- og arbeidsliv
Språkteknologi og store generative språkmodellar (KI) som støttar norsk språk (nynorsk, bokmål, talt norsk)
Språk i skule og høgare utdanning
I tillegg til å skildra korleis Språkrådet skal prioritera, viser strategien òg kva som er dei langsiktige måla på samfunnsnivå, med utgangspunkt i Språkrådets eigen innsats og resultat i sektorane. For alle målområda skal nynorsk prioriterast særskilt (jf. prinsippet nynorsk, lov om språk, § 1, siste ledd).
Dei tre prioriterte områda – kvifor og korleis
Kvifor skal Språkrådet prioritera dette arbeidet?
Norsk er vårt felles nasjonalspråk, og tilgang til fellesspråket ein nøkkel for at innbyggjarane i Noreg skal kunna myndiggjerast og delta i demokrati, samfunns- og arbeidsliv.
Korleis skal Språkrådet arbeida på feltet?
Språkrådet skal arbeida heilskapleg og tverrfagleg for
å skaffa innsikt i kva domene som er svake for norsk som samfunnsberande fellesspråk, slik at det operative samordningsansvaret rettar seg inn mot aktørane på desse
å skaffa innsikt i tilgangen til norsk språk i ulike samfunnssektorar og grupper
å styrkja tilgangen til norsk språk for barn og unge
å byggja relevante samarbeid mellom relevante aktørar på integreringsfeltet og i arbeids- og næringslivet
å samordna utvikling og bruk av klart, korrekt og normert nynorsk og bokmål i alle delar av offentleg sektor
Langsiktige mål på samfunnsnivå:
Norsk som fellesspråk og samfunnsberande språk blir halde i hevd.
Det er ei felles forståing i befolkninga av at norsk språk er ein føresetnad for tilgang til samfunnsliv og demokrati.
Bruken av og statusen til nynorsk er auka, slik at fullverdig deltaking i skule og opplæring og samfunns- og arbeidsliv blir mogleg også på dette språket.
Norskopplæring er tilgjengeleg for alle innvandrarar.
Det offentlege bruker eit klart, korrekt og normert nynorsk og bokmål i møte med innbyggjarane.
Kvifor skal Språkrådet prioritera dette arbeidet?
Språkteknologi og store generative språkmodellar må vera tilgjengelege og brukbare på norsk (bokmål, nynorsk og talt norsk) for at språket skal kunna oppretthaldast som samfunnsberande i framtida. Språkrådet må ha innsikt i teknologisk utvikling og delta i relevante delar av prosessane med å utvikla, tilpassa og evaluera opne språkmodellar til bruk i norsk kontekst.
Korleis skal Språkrådet arbeida på feltet?
Språkrådet skal i perioden arbeida heilskapleg og tverrfagleg med
å skaffa innsikt i utviklinga på språkteknologifeltet og i evalueringsprosedyrar for kvalitetssikring av maskingenerert tekst
å inngå partnarskap på sektorområde der det går føre seg arbeid med store språkmodellar og terminologiutvikling
å bli ei tydeleg stemme i ordskiftet om språkteknologi, og ein viktig partnar for alle miljø i staten som arbeider med planlegging av og tilrettelegging for bruk av språkteknologi i skule og offentleg sektor
å påverka rutinar for innkjøp av verktøy og produkt som inneheld språkteknologimodular i alle delar av offentleg sektor (stat, fylkeskommune, kommune)
å påverka regelverksutforming og regelverksetterleving slik at Noreg ikkje mister den demokratiske kontrollen over normering og utvikling av eigne språk
Langsiktige mål på samfunnsnivå:
Det er laupande utvikling av norskspråkleg terminologi og forvaltningsprosa til bruk som språkdata i utvikling av språkmodellar for det offentlege, desse modellane skal ha høg og relevant kompetanse i norsk språk. Det er gode ordningar for deling av språkdata (også opphavsrettsbeskytta språkdata) til bruk i utvikling av språkteknologi i Noreg og Norden.
Noreg har kompetanse og språkdata til å kunna laga språkmodellar med ein kvalitet som gjer at maskingenerert tekst speglar norsk (bokmål og nynorsk) på ein god og korrekt måte.
Internasjonale språkteknologiprodusentar tek omsyn til Noregs krav til språk (korrekt norsk – bokmål og nynorsk og språkteknologistøtte for heile det norske språkmangfaldet) i teknologiprodukt.
Bruken av KI / store generative språkmodellar i Noreg undergrev ikkje moglegheita for demokratisk styrt språkplanlegging.
Kvifor skal Språkrådet prioritera dette arbeidet?
God språkopplæring i skule og utdanning er ein føresetnad for at alle skal kunna delta i arbeidsliv, samfunnsliv og demokrati. Skule- og utdanningssektoren er ein nøkkelsektor for språkpolitikken, men sektoren følgjer i dag ikkje godt nok opp dei språkpolitiske føringane.
Korleis skal Språkrådet arbeida på feltet?
Språkrådet skal arbeida heilskapleg og tverrfagleg for
å skaffa relevant innsikt om status for og bruk av språk på opplæringsfeltet (frå barnehage til høgare utdanning)
å bidra til samordning mellom alle relevante aktørar som skal sikra god etterleving av språkreglane i universitets- og høgskolelova, tiltaka i regjeringas handlingsplan for norsk fagspråk i akademia og dei språkpolitiske dokumenta til UH-institusjonane
å bidra til ei tilsvarande samordning mellom relevante aktørar i grunnopplæringa
å utvikla norm- og rettskrivingskunnskap og metodikk for å styrkja norsk, særleg nynorsk, i heile grunnopplæringa, dette omfattar også nynorsk på digitale flater (jf. område 1)
Langsiktige mål på samfunnsnivå:
Norskfaget i skulen er styrkt som reiskaps- og danningsfag.
Norsk språk er styrkt og sikra i alle lærarutdanningsløp, og lese- og skriveopplæring er ein del av alle fagemne i lærarutdanninga.
Det finst norskspråklege lærebøker i alle fag og på alle nivå.
Språkteknologi med god og korrekt norsk (nynorsk og bokmål) er tilgjengeleg i skule og høgare utdanning.
Den høgare utdanningssektoren utviklar og deler fagterminologi på alle fagområde, og at studentane har relevant kompetanse i norsk fagspråk på eige fagfelt.
Systematikken for god parallellspråkleg praksis er innarbeidd i den høgare utdanningssektoren.
For å nå målsettingane i strategien skal Språkrådet òg utvikla ein kommunikasjonsplan og ein kompetanseutviklingsplan som støttar opp om dei tre målområda.
Systematisk og heilskapleg arbeid for å redusera klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk
Som ein del av Språkrådets bidrag til ei berekraftig forvaltning forpliktar me oss til å arbeida for å redusera klima- og naturfotavtrykket vårt på alle nivå i verksemda. Språkrådet vil særleg prioritera følgjande område:
Reiseverksemd: Gjennom auka bruk av digitale møteplattformer og hybride løysingar vil vi arbeida for å redusera omfanget av reiser.
Effektiv arealbruk: Vi vil arbeida for at lokala vi brukar støttar opp om berekraftige og grønare løysingar. Dette inkluderer optimalisering av arealbruk.
Ved å integrera berekraftsperspektivet i alle planane og strategiane våre sikrar vi at verksemda tek ei tydeleg rolle i møte med klima- og miljøutfordringane. Dette er ikkje berre eit krav, men ein føresetnad for å byggja ei meir berekraftig framtid.