Høyring om framlegg til rettskrivingsendringar (frist 24. april 2023)
Språkrådet har sendt ut til høyring ein del framlegg til endringar i rettskrivinga i nynorsk og bokmål. Fristen for å sende høyringsfråsegn er 24. april.
Språkrådet har sendt ut til høyring ein del framlegg til endringar i rettskrivinga i nynorsk og bokmål. Fristen for å sende høyringsfråsegn er 24. april.
Språkrådet forvaltar dei offisielle normene for rettskriving i nynorsk og bokmål og kan gjere bindande normeringsvedtak når faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det, jf. § 3 i Språkrådets vedtekter. Normeringsarbeidet i Språkrådet følgjer prinsippa i dokumentet Retningslinjer for normering, som er vedteke av styret i Språkrådet. Framlegg til rettskrivingsendringar blir sende til høyring slik at ålmenta får høve til å uttale seg om dei.
Framlegga denne gongen har vore behandla av Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon i 2022 eller 2023. Fleire av framlegga gjeld begge skriftspråka eller berre bokmål. Eitt framlegg gjeld berre nynorsk.
Vi ønskjer fråsegner om dei konkrete framlegga som det er gjort greie for i høyringsnotatet, gjerne med tilvising til dei relevante normeringsprinsippa slik dei er formulerte i dokumentet Retningslinjer for normering (sjå lenkje ovanfor).
Kven som helst kan sende inn høyringsfråsegn. Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og blir publiserte på Språkrådets nettsider.
Frist for å sende høyringsfråsegn er 24. april 2023. Bruk e-postadressa post@sprakradet.no.