Hopp til hovedinnhold

Ny rettskriving i nynorsk 2012

Kulturdepartementet fastsette ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012.


Hovudpunkt i den nye rettskrivinga

  • Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta.
  • Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
  • Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.
  • I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.

Innstillinga frå rettskrivingsnemnda

I innleiinga blir det gjort greie for mandatet til rettskrivingsnemnda og bakgrunnen for at det no vart ei rettskrivingsendring i nynorsk. Hovuddelen av innstillinga er delt inn i to bolkar: spørsmål som har med lydverket (skrivemåten) å gjere, og spørsmål som handlar om formverket (formval og bøyingsverk innanfor dei ulike ordklassane).

Fremst i innstillinga er det eit samandrag av vedtaka.

Nye reglar for samsvarsbøying av perfektum partisipp

Etter at Kulturdepartementet godkjende den nye rettskrivinga for nynorsk, har reglane for samsvarbøying av perfektum partisipp vorte endra.

Departementet har godkjent ein ny ordlyd for framlegget i punkt 3.5.1 side 208 «Samsvarbøying av perfektum partisipp i predikativ stilling». Teksta i punkt 3 er endra.

Den nye ordlyden er slik:

Det skal framleis vera samsvarbøying i partisipp av sterke og svake verb, men det er òg mogleg å la vera å samsvarbøya partisipp av svake verb i predikativ stilling. Systemet for samsvarbøying av partisipp blir dermed slik:

1 Svake perfektum partisipp i predikativ stilling kan anten ha samsvarbøying eller stå i supinum:

Pakken er løynd/løynt.
Resultatet er løynt.
Dei er løynde/løynt.

Han er presentert.
Det er presentert.
Dei er presenterte/presentert.

2 Sterke perfektum partisipp skal ha obligatorisk samsvarbøying i predikativ stilling:

Fisken er frosen.
Vatnet er frose.
Bollane er frosne.

3 I attributiv stilling (rett framfor eit substantiv) skal både svake og sterke partisipp ha samsvarbøying:

ein løynd pakke
eit løynt resultat
løynde pakkar

ein frosen kjøtdeig
eit frose brød
frosne bollar

Mandatet

1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2002, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.

2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.

3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

4 Grunnlagsmaterialet frå arbeidet med normering 2001–2003 er eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet med den nye norma.

5 Det blir oppnemnt ei breitt samansett nemnd på sju medlemer som utfører arbeidet i tråd med dette mandatet og dei rammene for arbeidet som er utdjupa nedanfor. Til hjelp i arbeidet får nemnda ein eigen sekretær.

6 Arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess. Nemnda har ansvaret for å utforma ein arbeidsplan som tek omsyn til dette og dei rammevilkåra som er sette opp.

7 Nemnda skal leggja fram endeleg innstilling seinast 1.4.2011 med eit ope høyringsmøte i februar 2011.

8 Styret vil leggja til rette for at den nye norma kan gjelda frå 1.8.2012 og då mellom anna vera tilgjengeleg i ei ny utgåve av Nynorskordboka, under føresetnad av godkjenning frå Kulturdepartementet.

Vedteke av styret i Språkrådet 16.12.2009

Tiltak frå Språkrådet i samband med den nye rettskrivinga

Vi har utarbeidd eit nynorskkurs for elevar i den vidaregåande skulen på nettsidene våre.

Vi har òg to interaktive øvingsrom med oppgåver i nynorsk grammatikk og rettskriving: eitt for elevar og eitt for offentleg tilsette. Andre vil også ha nytte av kurset og øvingane.

Gå til nynorsk øvingsrom

Ta ein kartleggingstest. Lær meir.


Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.