Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

E-læringskurs i terminologi- og omgrepsarbeid

Ei enkel innføring i omgrepsanalyse, definisjonsskriving og termdanning og termval


E-læringskurset «Begrip begrepene!» inneheld animasjonsfilmar, teikna illustrasjonar, tekstforklaringar og øvingar. I kurset lærer du å analysere omgrep, skrive definisjonar og lage gode termar. Du får òg vite litt om korleis du kan organisere arbeidet med omgrep og terminologi.

Målgruppene er tilsette i offentleg forvaltning og i universitets- og høgskolesektoren som arbeider med å skrive definisjonar eller lage norske termar, men det er sjølvsagt fritt fram å ta kurset for alle som ønskjer det.

Kurset er gratis, og det tek ca. 45 minutt å gjennomføre heile kurset.

Fant du det du lette etter?