Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kvifor klarspråk?


Ein skal ikkje berre vere mogleg å forstå, men umogleg å misforstå.

Quintilian

1 Klarspråk fremjar demokratiet og rettstryggleiken

Styresmaktene gjev informasjon om mellom anna rettar og plikter. Tungt og uklart språk i tekstar frå det offentlege kan gjere at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei. Derfor bør forvaltningsspråket vere klart og lettfatteleg.

Døme: Ungdom forstår ikkje offentlege brev – eit samfunnsproblem

Da Buskerud fylkeskommune arbeidde med klart språk saman med NTB Arkitekst, testa dei tekstane på elevar ved Lier videregående skole. Ungdommane syntest tekstane var skrivne på ein vaksen, formell måte med mange ord dei ikkje forstod. Tonen i brevet gjorde at ungdommane ofte gjekk glipp av hovudbodskapen.

Ei undersøking frå 2017 viser at éin av tre ikkje forstår brev frå det offentlege. Truleg er tala enda dårlegare blant ungdom. Språkkonsulent Karolina Netland i NTB Arkitekst seier at det er eit samfunnsmessig og økonomisk problem. I verste fall kan ungdom miste rettane sine og ikkje få dei studia dei har krav på.

Les NRK-artikkelen «Ungdom forstår ikkje offentlege brev – eit samfunnsproblem».

2 Klarspråk skaper tillit

Tungt og uklart språk kan skape avstand mellom sendaren og mottakaren. Ein mottakar som får eit uforståeleg brev, kan lett komme til å tru at avsendaren skjuler noko. Klarspråk gjer avstanden mindre og skaper tillit.

Døme: Uklare dokument skaper mistillit

Stavanger kommune har undersøkt språket i sentrale tekstar som strategidokument, overordna planar og politiske saksdokument. I intervju med utvalde tilsette og politikarar kjem det fram at det er eit stort maktpotensial i språket i slike viktige dokument. Gjennom språket kan kommunen inkludere eller ekskludere folk frå viktige avgjerder.

Ein av informantane i undersøkinga meiner det har utvikla seg ein type maktspråk som gjer at befolkninga mistar tilliten til det offentlege. Informanten etterlyser eit ærleg språk.

Les rapporten frå Stavanger kommune.

3 Med klarspråk sparer styresmaktene tid og pengar

Klart og brukartilpassa språk minskar faren for mistyding. Færre spørsmål frå mottakarane gjev kortare sakshandsamingstid. Styresmaktene sparer med andre ord tid og pengar dersom dei skriv klart og forståeleg.

Døme: Sparer millionar på enklare innkallingsbrev

Da Helgelandssjukehuset kartla nokre av tekstane sine, fann dei ut at ein del pasientar gjekk glipp av informasjon om korleis ein skulle førebu seg til undersøking. Dermed kom dei uførebudde og måtte få ny time seinare.

For kvar pasient som møtte opp utan å ha førebudd seg, tapar sjukehuset pengar. Kvart år har sjukehuset over 80 000 polikliniske konsultasjonar. Dersom fem prosent av pasientane ikkje har gjort dei nødvendige førebuingane, tapar sjukehuset to millionar kroner. 

4 Klarspråk fremjar kommunikasjonen

Tungt og uklart språk skaper ugreie i kommunikasjonen. Klarspråk gjer at mottakaren lettare oppfattar bodskapen frå avsendaren.

Døme: Klare brev reduserte talet på telefonsamtaler

Statens innkrevjingssentral starta eit omfattande arbeid for å forbetre breva sine i 2011. Dei var i ferd med å endre både innkrevjingsarbeidet og organisasjonen, og språkarbeid var ein viktig del av å yte betre tenester til innbyggjarane. 

Med dei nye brevmalane vart det enklare for innbyggjarane å utføre det dei skal på eiga hand. Fem år etter revisjonen var talet på telefonsamtalar redusert med ein tredel.

5 Det offentlege skal vere eit føredøme

Styresmaktene skal gå føre med eit godt eksempel, også språkleg. Skrivefeil skjemmer teksten og gjev eit dårleg inntrykk av den som har skrive han. Klarspråk bør derfor vere eit ideal for språkbruk i det offentlege.

Fant du det du lette etter?