Hopp til hovedinnhold

Språk som formar samfunnet

Orda vi brukar, formar relasjonar mellom menneske og lagar strukturar i samfunnet. Til og med ord som skal utjamne forskjellar, kan utøve makt. Dette skjer som oftast utan at vi merkar det sjølve, seier professor Stina Ericsson. Ho introduserer eit nytt omgrep som utfordrar det tradisjonelle tankesettet.


AV TORUNN REKSTEN OG SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM
(Publisert 13.3.25)

Professor i svensk Stina Ericsson ved Universitetet i Göteborg forskar på språk, normer, makt og likeverd. Mellom anna har ho forska på kategorisering av menneske. Ho forklarer kategorisering på denne måten:

– Kategorisering handlar om kva vi kallar kvarandre, korleis vi deler vi inn menneske i ulike grupper, og korleis vi set merkelappar på folk. I samfunnet har vi lett for å dele inn folk i ein normkategori og ein avvikskategori. For eksempel ser vi på folk med ei funksjonsnedsetjing som eit avvik frå det normale. Når vi kategoriserer menneske, bygger vi samtidig eit verdsbilete. Når vi formar samfunnet, ser vi gjerne for oss eit idealmenneske som fungerer tipp topp, som er vakkert og sterkt, medan alle andre er mislykka versjonar som ikkje kan leva opp til idealet, seier Ericsson.

Når vi set merkelappar på folk, så seier vi også noko om kva slags samfunn vi vil ha?

– Når vi deler inn menneske i ulike grupper, så byggjer vi samfunnet etter denne inndelinga. Slike inndelingar kan også ha politiske konsekvensar. Kven har rett til å høyre til i eit land, kven har rett til å få sjukehjelp, kven er svensk eller norsk?

Ord bør ikkje stenge nokon inne eller ute

Inkludering er eit heidersord. Mange tar inkludering på alvor, og dei siste åra har det kome mange rettleiingar som seier noko om korleis det offentlege skal inkludere alle innbyggjarar. Men det er også eit maktperspektiv i inkludering. Den som inkluderer nokon andre, tar seg samtidig retten til å trekkje opp grensene for kven som er innanfor og utanfor. Slik signaliserer inkludering eit vi-og-dei-perspektiv.

– Viss vi verkeleg vil ha eit jamstilt samfunn, kan vi ikkje tenkje i slike ulikskapsomgrep, seier Ericsson.

Saman med professor i design Per-Olof Hedvall og andre kollegaer i forskingsprosjektet «Jämlikhetens syntax» har ho introdusert eit nytt omgrep i forskinga si: nonkludering. Nonkludering tar utgangspunkt i menneskeleg variasjon, og vi kan la vera å kategorisere folk ut frå kropp, rolle eller funksjonsnivå.

Å inkludere kjem frå latin og tyder å stengje inne, medan å ekskludere tyder å stengje ute. I begge tilfelle er det eit stengsel der nokon er innanfor eller utanfor. Nonkludering skal motverke ei slik kategorisering, det skal ikkje vera noko som er stengt i det heile.

Dermed opnar vi også for nye måtar å forhalde oss til andre menneske og omgjevnadene våre på.

Eit døme på dette er korleis vi skiltar toalett. Tradisjonelle symbol er ein stilisert mann, ei stilisert dame med skjørt og ein rullestol. Men ein kan like gjerne vise funksjonen til toaletta i staden for kva type menneske som kan bruke dei ulike romma. Da kan skilta vise kva ein finn innanfor døra, t.d. eit toalett utan støttehandtak og eit toalett med støttehandtak. Då kan ein sjølv velja kvar ein vil gå inn.

Nonkluderande skilting på Universitetet i Göteborg. Foto: Torunn Reksten

Alle og normalen

I forskinga si har Ericsson analysert fleire offentlege styringsdokument, mellom anna kommunale policydokument og proposisjonar som legg føringar for korleis det offentlege skal utforme politikk og planar for alle innbyggjarar. Ho har mellom anna undersøkt bruken av ordet alle.

Alle er eit spennande ord! For alle er verkeleg ikkje «alle». I visse tilfelle kan bruken av ordet alle verke tilslørande og lite klarspråkleg, fordi ein eigentleg meiner visse grupper i samfunnet, og slett ikkje «alle», fortel Ericsson.

I dokumenta Ericsson har studert, ser ho at alle ofte viser til dei som avviker frå normalen på ein eller annan måte. I ein brosjyre for ein svømmehall handlar heile teksten om folk med funksjonsnedsettingar – alle tyder eigentleg «personar med spesielle behov». I andre tilfelle kan alle peike mot «normalpersonen», dette tenkte idealmennesket som samfunnet er utforma for. I dei færraste tilfella betyr alle i offentlege styringsdokument faktisk «alle».

Demokrati som handling

Til grunn for forskinga om kategorisering ligg det eit demokratisyn som inneber at mangfald er ein verdi. Mangfald skal ikkje berre tolererast, det skal verdsetjast. Alle er like, og alle er ulike. Dette står i kontrast til politiske ideologiar som handlar om hierarki eller utestenging. I eit demokrati skal det vera plass til alle.

– Ofte tenkjer vi på demokrati som eit politisk system der fleirtalet fastset kven som skal ta avgjerder på vegner av oss. Men demokrati er så mykje meir enn det. Det vedkjem oss heile tida, seier Ericsson.

I løpet av forskinga si har Ericsson kome fram til tre konklusjonar om demokratiet:

  • Demokrati for alle tyder at alle må delta, ikkje berre visse grupper.
  • Demokrati for heile befolkninga tyder at ingen bør vera norm for andre.
  • Demokrati er ei handling og ikkje berre noko institusjonelt.

Kvar går vegen vidare for demokratiet?

– Demokratiet er under press. Vi må finne andre måtar å snakke om og jobbe med demokrati på. Og vi må tenkje på demokrati som noko anna enn eit politisk system, heller som ein ideologi med mangfald som verdi.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.