ISO-sertifisering for klarspråksarbeid er på trappene – kva meiner du?
ISO (International Organization for Standardization) vurderer å utvikle ein standard for verksemder som ønsker å sertifisere seg for klarspråksarbeidet sitt. No kan du vere med og vurdere kva krav som bør stillast.
AV TORUNN REKSTEN
(Publisert: 13.9.24)
I fjor kom verdas første ISO-standard for klarspråk, ISO 24495-1 – Del 1: Klarspråk – styringsprinsipp og retningslinjer. Standarden gir retningslinjer for skribentar som vil kommunisere slik at lesarane finn informasjonen dei treng, forstår han, og kan bruke han til å gjere det dei skal. Denne standarden er også fastsett som norsk standard.
Tanken bak den føreslegne nye standarden er å slå fast kva system og prosessar verksemder må ha på plass for å kunne dokumentere at dei bruker retningslinjene i ISO 24495-1 – Del 1: Klarspråk – styringsprinsipp og retningslinjer og jobbar systematisk med å utvikle ein kultur for klarspråk og tilgjengelegheit.
Du kan påverke standarden
Bak initiativet til den nye standarden står International Plain Language Federation (IPLF). IPLF har også lagt ut eit høyringsnotat med drøftingar av ulike krav som kan stillast i ein slik standard. Alle verksemder, små og store, offentlege og private, er velkomne til å meine noko om notatet og gi tilbakemeldingar i undersøkinga som ligg ved. Du finn lenke til undersøkinga nedst i denne artikkelen.
Sjølv om ei verksemd ikkje har ISO-sertifisering som mål, er det ingenting i vegen for å bruke standarden som ei rettesnor for å innføre klarspråksarbeid på organisasjonsnivå.
Målet er at denne standarden skal fungere på dei fleste skriftspråk og for dei fleste sektorar. Standarden skal kunne tilpassast nasjonale forhold.
Verda ønsker sertifisering
Bakgrunnen for forslaget om denne standarden er at etterspurnaden etter sertifiseringsordningar for klarspråk aukar. I 2022 gjennomførte IPLF ei undersøking der 117 verksemder frå heile verda som anten tilbyr klarspråkstenester, eller som jobbar med klarspråk for å betre tenestene sine, deltok. Eit fleirtal av desse verksemdene ønskte sertifisering, men heller få av verksemdene hadde innført ein fast prosess for å utforme tekster og innhald i klarspråk. Det var òg få av verksemdene som målte effektane av klarspråksarbeidet sitt.
Ein annan grunn til å utvikle denne standarden er at stadig fleire land får lovgiving som stiller krav om klart språk. Å følge del 1 av standarden kan vere ein måte å rette seg etter slike lovkrav på. I delstaten Victoria i Australia er det faktisk tatt eksplisitt inn i sjølve lovteksten til den føreslegne Plain Language Bill 2024 at eit dokument har klart språk dersom det er heilt i tråd med retningslinjene i del 1 av standarden.
Fleire av landa som allereie har klarspråkslovgiving, til dømes USA og Sør-Afrika, rapporterer at handhevinga av lovene og etterlevinga av klarspråkskrava er for dårlege. Det er også ein indikasjon på behovet for relevante, tydelege og praktiske føringar.
Skjebnen blir avgjord i oktober
Ein søknad om å utvikle denne standarden ligg no ute til røysting blant dei 175 medlemslanda i ISO. I slutten av oktober veit vi om arbeidet kan førast vidare. Standarden vil i så fall bli del 4 i rekka av klarspråksstandardar. Del 2, legal communication, og del 3, science writing, er allereie under utvikling.
Referansar til undersøkingane og forskinga som er nemnd i denne artikkelen, finn du i dette høyringsnotatet.