Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Europa vil kommunisere klart og inkluderande


Dei fleste europeiske land har lover eller styringsdokument som krev klar og effektiv offentleg kommunikasjon. Det kjem fram i ei undersøking som er gjennomført av EFNIL (European Federation of National Institutions for Language).


AV TORUNN REKSTEN

No kan du samanlikne språktiltak i Europa

Prosjektet ELIPS (European Languages and their Intelligibility in the Public Sphere) har kartlagt språkpolitikk og språktiltak for 27 språk i 24 europeiske land. Formålet med undersøkinga er å gje ei oversikt over korleis språka i Europa blir brukte i forvaltning, lovgjeving og kommunikasjon frå styresmaktene. På nettsida til ELIPS-prosjektet kan du søkje i resultata og samanlikne tiltak i ulike land når det gjeld klarspråk, inkluderande språk, terminologi, lettlesen tekst, andre språk enn dei offisielle språka i landa, opplæringstilbod for offentleg tilsette og samarbeid mellom europeiske land. Dataa er samla inn i perioden 2017–2019, og ELIPS-prosjektet skal gjere ei tilsvarande undersøking i år.  
 
Bak ELIPS-prosjektet står EFNIL, ein uavhengig organisasjon som samlar representantar frå språknemnder og andre nasjonale språkorgan i Europa. Organisasjonen arbeider for å fremje europeisk språkmangfald.

Du kan lese meir om undersøkinga her, og her kan du søkje i resultata.

Klarspråk og terminologi er etablerte fagfelt

Dei fleste landa i undersøkinga har tiltak for klarspråk og terminologi, og dei har institusjonar som skal følgje opp politikken og tilby tenester på desse felta. Politikken er vanlegvis nedfelt i lover og forskrifter eller andre sentrale styringsdokument.  
 
Landa set i verk ulike tiltak for å hjelpe offentlege organ å stette krava som lovene og styringsdokumenta set. Dei vanlegaste tiltaka er offisielle retningslinjer og tilrådingar for klarspråk og terminologi, verktøy som termbasar og nettstader med råd og rettleiing og tilbod om opplæring. Somme land gjev innbyggjarane rett til å avvise informasjon som er uklar.  
 
Kampanjar, premiar og konkurransar blir ofte brukte for å gjere klarspråksretningslinjer kjende. Over halvparten av landa deler ut klarspråksprisar, og i Wales kan ein til og med få eit kvalitetsstempel om ein oppfyller visse krav. 
 
Over halvparten av landa har lovgjeving eller generelle tilrådingar for lettlesne tekster. Lettlesne tekster er tekster der språket og innhaldet er tilrettelagt for personar som av ulike grunnar har lesevanskar.

Aukande interesse for inkluderande kommunikasjon

I landa som inngår i undersøkinga, har det vore lite merksemd om og få tiltak for inkluderande språk. Mange land rapporterer at temaet blir stadig meir aktuelt, og dei fleste har offisielle retningslinjer for bruk av kjønnsnøytralt språk. Berre nokre få land har retningslinjer som gjeld kulturelt mangfald, seksuell orientering, funksjonshemmingar, psykisk helse, religion, nasjonalitet eller alder. Nesten ingen land tilbyr medarbeidarane sine opplæring i inkluderande kommunikasjon.

Her i Noreg lanserer KS no eit tillegg om inkluderande språk til prinsippa for klart språk i digitale tenester.

– Eit inkluderande språk kan gjere at tekstene våre treffer brukarane i større grad. Derfor har KS no prøvd å finne ut korleis vi kan kommunisere med innbyggjarane for å inkludere alle. Vi har snakka med organisasjonar og verksemder som jobbar godt med inkluderande språk, og mellom anna spurt om kva typar spørsmål som kan verke ekskluderande, og kva formuleringar bør vi unngå, fortel Marianne Bugge Norberg i KS.  

Fant du det du lette etter?