Alltid sakleg. Vennleg når det passar. Er dette klarspråk 3.0?
Dette spørsmålet stilte professor og tekstforskar Andreas Nord ved Uppsala universitet til deltakarane på den nasjonale klarspråkskonferansen i Bergen i mars 2026.
Dette spørsmålet stilte professor og tekstforskar Andreas Nord ved Uppsala universitet til deltakarane på den nasjonale klarspråkskonferansen i Bergen i mars 2026.
AV TORUNN REKSTEN
(Publisert 6.5.2026)
– Grunnen til at folk ikkje forstår ein tekst, treng ikkje vere at teksten er uklar, men at lesarane er frustrerte, ueinige eller ikkje kjenner seg møtte på ein god måte, sa Nord.
Nords utgangspunkt er studiar av dialogar mellom innbyggjarar og forvaltning, særleg i digitale tenester for innbyggjarservice. Der har han mellom anna analysert korleis vennlegheitsfraser – altså innleiings- og avslutningshelsingar og små uttrykk for empati – blir brukte, og kva rolle dei spelar i kommunikasjonen.
Forståing handlar også om kjensler
Gjennom konkrete døme frå innbyggjardialogar viser Nord korleis
I fleire av dialogane ser vi at dersom språket signaliserer respekt, merksemd og vilje til dialog, blir konfliktnivået lågare, og innbyggjarane er meir villige til å akseptere eit svar, også når utfallet ikkje blir som dei ønskjer.
Mot eit klarspråk 3.0?
På denne bakgrunnen stilte Nord eit spørsmål som mange av oss blei sitjande og gruble på: Er vi klare for å snakke om eit klarspråk 3.0?
Her i Norden er klarspråksomgrepet etablert og velkjent, men innhaldet i omgrepet har utvikla seg. Litt forenkla kan vi skildre utviklinga i to fasar:
Overgangen frå det vi kan kalle klarspråk 1.0 til klarspråk 2.0 innebar altså eit perspektivskifte. Spørsmålet er ikkje berre om mottakarane forstår teksten, men også om dei kan bruke han[1]. Ein tekst i klarspråk er difor ikkje berre korrekt og klar, han er òg utforma slik at mottakarane kan nyttiggjere seg innhaldet.
Klarspråksparagrafen (§ 9) i språklova tar opp i seg dette perspektivet med kravet om at det offentlege språket skal vere «korrekt, klart og tilpassa målgruppa».
Det er i dette landskapet Andreas Nords spørsmål om eit mogleg klarspråk 3.0 blir særleg relevant: Når klarspråk først er blitt mottakarorientert, er det då naturleg å ta neste steg og undersøkje korleis relasjon, tone og opplevd respekt påverkar forståing og bruk? Bør vi skrive slik at mottakaren faktisk ønskjer å ta til seg bodskapen?
Klarspråk 3.0, slik Nord skisserer det, vil altså leggje meir vekt på relasjon, møte og tillit i kommunikasjonen mellom forvaltning og innbyggjarar.

Vennlegheit har grenser
Men i innlegget sitt var Nord heilt tydeleg på eitt avgjerande poeng:
– Vennlegheit kan aldri kompensere for dårleg fagleg innhald eller upåliteleg informasjon.
I fleire døme frå innbyggjardialogar såg vi korleis vennlegheitsfraser faktisk kan få motsett effekt. Dei kan opplevast som overflatiske eller usannferdige. I visse situasjonar kan dei også brukast til å kamuflere makt, kvele kritikk eller skape ei kjensle av falsk intimitet. Nord peikar på faren for det han omtalar som «giftig vennlegheit».
Klarspråk 3.0 inneber altså ikkje ei oppmoding om å vere hyggjeleg for kvar pris, men å vere sakleg først og vennleg når det tener føremålet, situasjonen og mottakaren.
ISO-24495–1 og eit utvida klarspråksomgrep
Mykje av forskinga Nord viser til, samsvarar godt med retningslinjene i ISO-standarden for klarspråk (ISO 24495–1).
Allereie i innleiinga slår standarden fast at klarspråk er kommunikasjon som set lesarane først, og som tek omsyn til
Dette er utdjupa i retningslinjene 5.1.3 og 5.1.4, som handlar om å identifisere både føremålet og konteksten lesarane møter teksten i.
Tanken bak er at lesarar ikkje møter ein tekst som nøytrale mottakarar. Dei er i ein situasjon som kanskje er sårbar, stressande eller konfliktfylt, og dette påverkar både tolking og forståing. Skribenten må ta omsyn til dette og til kvar mottakaren skal lese teksten, kor mykje tid hen har, kva type teknologi hen bruker osb.
ISO-standarden løftar også eksplisitt fram stil og tone som verkemiddel i retningslinje 5.3.7: «Hald ein respektfull tone». Når lesarar opplever at tonen signaliserer respekt for behova og situasjonen deira, er det meir sannsynleg at dei både les teksten og kan bruke innhaldet i praksis.
Ei klarspråksutfordring framover
Kanskje er det nettopp her ei av klarspråksutfordringane i 2026 ligg: Korleis kan vi kommunisere presist og profesjonelt, respektfullt og med oppriktig empati utan å gå for langt eller gje slepp på det faglege?
[1] Denne utviklinga er dokumentert i den internasjonale klarspråksforskinga, mellom anna hos Karen Schriver (Schriver, K. A. (2017). Plain language in the US gains momentum: 1940–2015. IEEE Transactions in Professional Communication, 60(4), s. 343–383) og Henrik Rahm, som introduserte omgrepet klarspråk 2.0 i artikkelen Mottagaranpassning och delaktighet – Klarspråk 2.0. (I B. Pia, S. Inger, & T.-P. Daniel (red.): Delaktighetens praktik: Det professionella samtalets villkor och möjligheter (s. 143–160). Malmö: Gleerups Utbildning AB).