Hopp til hovedinnhold

Skråstrek

Ofte er det uklart kva skribentar meiner når dei bruker skråstrek. Kva ligg eigentleg i dette teiknet, og korleis skal ein bruke det?


Skråstrek som alternativteikn

Den viktigaste funksjonen til skråstreken er å vise alternativ. Tydinga er altså ‘eller’:  

  • ho/han = ho eller han
  • av/på = av eller på


Når minst eitt av alternativa består av to eller fleire ord, skal det vere mellomrom før og etter skråstreken:

  • kan komme / kan ikkje komme
  • mørk dress / smoking

Skråstrek som kombinasjonsteikn

I visse tilfelle kan skråstreken brukast som kombinasjonsteikn (‘og’):

  • Vinnarar i mixed double Wimbledon 2024:
    Jan Zieliński / Hsieh Su-wei 

Men: Du bør ikkje bruke skråstrek i tydinga ’og’ i vanleg tekst.
Skriv «hybel med dusj og wc», ikkje «hybel med dusj/wc».

Generelt råd: Unngå skråstrek

I samanhengande tekst er det ofte best å unngå skråstrek, særleg om det er uklart kva teiknet skal stå for. Skriv heller eller eller og dersom det er dét du meiner.

Les meir om skråstrek.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.