Klokkeklar eller krystallklar?
Ofte høyrer vi om folk som er «klokkeklare på» eitt eller anna. Meininga må vere at dei er heilt sikre og gjev tydeleg uttrykk for det. Men då er det eigentleg krystallklare dei er.
Ofte høyrer vi om folk som er «klokkeklare på» eitt eller anna. Meininga må vere at dei er heilt sikre og gjev tydeleg uttrykk for det. Men då er det eigentleg krystallklare dei er.
Krystallklar eller krystallklår tyder ‘gjennomskinleg som krystall’. Vi kan bruke det i overført tyding om noko som er svært tydeleg: «Han var krystallklar på dette punktet». Eit synonym er glasklar eller glasklår.
Klokkeklar eller klokkeklår tyder det same som klokkerein: ‘tindrande klar, lys og rein’. Klokke er her noko som kling, som ei kyrkjeklokke eller skipsklokke. Difor bruker vi ordet helst om lyd, som i uttrykket «ei klokkeklar røyst».
Det er ikkje så rart at klokkeklar spreier seg i tydinga krystallklar, for klokkeklar fell nok lettast å uttale. Men i alle fall: Vil du bruke dei to metaforane slik dei fyrst var tenkte, har du fått ei krystallklar rettleiing ovanfor.