Hopp til hovedinnhold

Eitt eller fleire ord?

Heiter det «i dag» eller «idag»? Når skal vi skrive fleirledda uttrykk i eitt ord, og når skal vi dele dei?


Her er nokre fleirledda uttrykk som ofte blir skrivne feil:

Skal skrivast i fleire ord

etter kvart / etter hvert
for så vidt

for øvrig (berre bokmål)
i dag
i går
i morgon / i morgen
i fjor
i år
i alt
i gang
i så fall
så vidt

til saman / til sammen
til slutt
til stades / til stede

Skal skrivast i eitt ord

iblant
ifrå/ifra
idet
igjennom
imellom
imens
imot
især
overhodet (berre bokmål)
omkring
omsider
omtrent

I nokre tilfelle er skrivemåten avgjerande for meininga, så her må vi passe ekstra godt på. Nokre døme på det:

Altfor og alt for

altfor adverb ’i for stor grad’
Bilen er altfor dyr.
Straffa var altfor streng.

alt for
Denne katten er alt for meg!
Eg gjer alt for at han skal trivast.

Ifølgje/ifølge og i følgje / i følge

Ifølgje/ifølge preposisjon ’i samsvar med, i kraft av’
Ifølgje NRK byrja brannen i kjellaren.

i følgje / i følge ‘saman’
Han kom i følgje med ein kollega.

Overalt og over alt

overalt adverb ’alle stader’
Eg har leitt etter brillene mine overalt!

over alt ‘meir enn noko anna’
Eg elskar den katten over alt på jorda.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.