Aner du uråd?
Folk som seier eller skriv at dei «aner uro», blandar saman uro og uråd.
Folk som seier eller skriv at dei «aner uro», blandar saman uro og uråd.
Orda uro og uråd lyder ganske likt, for uråd blir uttalt /urå/. Men orda har heilt ulikt innhald.
Uro (substantiv) er beint fram det motsette av ro, som i indre uro og politisk uro.
Uråd kan vere både substantiv og adjektiv.
Som substantiv kan det tyde fare eller vanske:
Lyden fekk henne til å ane uråd.
Han visste råd for uråd.
Som adjektiv tyder det 'umogleg':
Det er uråd å greie dette på så kort tid.
Å ane uråd vil seie å merke at noko er gale fatt. Det rette uttrykket er altså ane uråd, ikkje *ane uro.