Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Grammatiske termar i skuleverket

Språkrådet og Utdanningsdirektoratet kom med ei tilråding om grammatiske termar til skulebruk i 2005.


Dei føreslegne termane bygde på Norsk referansegrammatikk (1997) og er i dag i stor grad innarbeidde i læreverk og nye ordlister. Dei viktigaste endringane i forhold til tidlegare framstillingar gjaldt inndelinga av ordklassane. Pronomen og konjunksjonar vart delte i to nye ordklassar: determinativ (bestemmarord) og subjunksjonar (underordningsord). Dei tidlegare ordklassane talord og artiklar vart flytta til andre ordklassar. Grunntala gjekk over til determinativa (kvantorar eller mengdeord), rekkjetala til adjektiva og artiklane vart flytta til determinativa. Dessutan vart infinitivsmerket å og det relative pronomenet som å rekne som subjunksjonar.

Oversikt over gjeldande og tidlegare ordklasseinndeling

Gjeldande ordklasseinndelingNokre undergrupperDømeTidlegare ordklasseinndelingEndring
SubstantivSubstantiv
VerbVerb
AdjektivAdjektiv
AdverbAdverb
PronomenPronomenDelt i pronomen og determinativ
Personlege pronomeneg, du, han
Resiproke (gjensidige) pronomenkvarandre, einannan
Refleksivt pronomenseg
Spørjepronomenkva, kven
Ubunde (ubestemt) pronomenein
Determinativ/ bestemmarord
Possessiv (eigedomsord)min, vår
Demonstrativ (peikeord)denne, det
Kvantorar (mengdeord)ei, ein, to, tre, ingen, alle
Konjunksjonar/ sideordningsordog, menKonjunksjonarDelt i konjunksjonar og subjunksjonar
Subjunksjonar/ underordningsordat, om
PreposisjonarPreposisjonar
InterjeksjonarInterjeksjonar
TalordDelt på adjektiv og determinativ
ArtiklarTil determinativa (kvantorane)

Fant du det du lette etter?