Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Her finn du terminologi

Denne sida gjev eit oversyn over norske, nordiske og internasjonale termressursar (termlister, termbasar og termportalar).


Termlister, termbasar og termportalar – kva er skilnaden?

  • Ei termliste er ei liste over termar som ligg føre som rein tekst, t.d. i ei PDF-fil eller på ei nettside. Ei termliste kan òg ha med definisjonar og andre opplysingar om termane.
  • Ein termbase er ein database over eit sett med omgrep og tilhøyrande termar. Termbasar kan òg innehalde definisjonar og andre opplysingar om omgrepa og termane. I ein termbase er opplysingane tilgjengelege gjennom eit søkjefelt.
  • Ein termportal er ein nettstad der ein kan søkje i fleire termbasar, ofte via eit felles søkjefelt.

Termlister, termbasar og termportalar kan med ei fellesnemning kallast terminologiske ressursar, eller berre termressursar.

Termressursar i Noreg

Termportalen – Noregs nasjonale portal for terminologi

Termportalen ved Universitetet i Bergen er Noregs nasjonale portal for terminologi og inneheld ei lang rekkje norske termbasar frå ulike fagområde og samfunnssektorar i eit felles søkjefelt. Ein kan søkje etter termar på norsk og engelsk og i nokre tilfelle andre språk.

Termportalen gjev òg søkjetilgang i nokre basar som ikkje ligg i sjølve portalen, som Felles datakatalog og Utanriksdepartementets EU-termbase. Sjå omtale av desse nedanfor.

Andre norske termressursar

Store termbasar

Administrasjon, forvaltning og organisasjon

Arkivfag

Grafiske fag

Handverk

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

Juss, økonomi og forsikring

Kunst og kultur

Kjønn og seksuell orientering

Maritime fag

Mat og drikke

Mediefag

Medisin og helsefag

Militærfag

Natur og miljø

Olje og energi

Realfag og tekniske fag

Religion

Samfunnsvitskap

Språk

Utdanning og opplæring

Termressursar for norsk teiknspråk

Samiske termressursar

Nordiske termressursar

Store termbasar og portalar i Norden

Andre termbasar og termlister i Norden

Internasjonale termressursar

Fant du det du lette etter?