Hopp til hovedinnhold

Nynorske fagordbøker

Idealistiske einskildpersonar som meinte det var viktig at nynorsk vart teke i bruk på alle område i samfunnet, har i høg grad æra for omfanget av nynorske fagordbøker og leksika.


AV SYLVI DYSVIK, rådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet

Artikkelen er henta frå Språknytt 2/2010.

Den nynorske skriftkulturen har gjerne vore knytt til andre sjangrar enn det som høyrer inn under sakprosa- og fagspråkområdet. Talet på fagordbøker på nynorsk tyder likevel på at det alltid har vore ein sterk vilje til å ta i bruk denne målforma også til andre føremål enn skjønnlitteratur og dikting. Det vitnar òg om eit ønske om at nynorsk skal ha ein plass i arbeidslivet. I denne artikkelen vil eg prøve å gje eit kort oversyn over nynorske fagordbøker og leksika.

Ordboka i nynorsk skriftkultur

Det er allmennordbøkene, og særleg rettskrivings- og skuleordlistene, som har dominert dei nynorske ordbokutgjevingane. Men ordbøker kan òg vere eit hjelpemiddel innanfor eit særskilt fagområde. Fagordbøkene høyrer inn under spesialordbøkene, som m.a. omfattar etymologiske ordbøker, framandordbøker, synonymordbøker, namnebøker og terminologiske ordbøker. Arbeidet med fagordbøker i den tidlegaste nynorskperioden var prega av idealisme. Det vart gjerne gjort av fagfolk som var inspirerte av arbeidet til Ivar Aasen, og slik som han såg det som viktig at den nye målforma skulle kunne nyttast til alle føremål.

Den første tida

I tillegg til grammatikken og dei store allmennordbøkene utarbeidde Ivar Aasen den mindre kjende allkunneboka Heimsyn (1875) og synonymordboka Norsk Maalbunad (1876, utgjeven først i 1925). Med Norsk Maalbunad vart grunnlaget lagt for ein ordlagingstradisjon som i stor grad har prega nynorsken seinare, nemleg bruken av avløysarord. I tillegg utarbeidde Aasen dei to nomenklaturane Norske Plantenavne (1860) og Norsk Navnebog (1878). Desse verka la grunnen for ein rik nynorsk namneboktradisjon og for standardverket Norsk flora, som kom ut første gongen i 1944, og som seinare har kome i sju utgåver.

Den første nynorske fagordlista vart laga av dr.med. J.O. Hennum alt i 1886 og hadde tittelen Anatomiske termini fra det norske landsmål. Lista inneheldt norske nemningar for anatomiske fagord og faguttrykk på dansk.

Brevbøkene

Fleire av dei første nynorske fagordbøkene var fornorskingsordbøker med framlegg til alternativ til dansknorsken. Dei såkalla brevbøkene til Halvdan Koht og Edvard Os var freistnader på å lage høvelege uttrykksmåtar til bruk i handelsbrevveksling på nynorsk. Norsk brevbok av Koht kom ut alt i 1898. Ho inneheldt ei lang ordliste med norsk omsetjing av danske, engelske og latinske handelsord og praktiske døme på ulike typar meir formelle brev. I brevboka til Os (1927) finst det òg døme på skriving av takkekort, søknader o.l. på nynorsk. Boka kom i fem utgåver i åra 1927–58, og slike brevbøker har nok vore til stor hjelp for dei som ville nytte nynorsk i offentlege samanhengar.

Tida fram til den andre verdskrigen

Tidleg på 1900-talet kom det ingen nye nynorske fagordbøker før Severin Eskeland gav ut ei framandordbok i 1919. Same året kom den store Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp.

Blant dei meir fagspesifikke bøkene kan nemnast Ordliste til bruk i Telegrafstyret og andre telegrafkontor, utarbeidd av Knut Knutson Fiane (1928), og Nynorsk i apotek, med «bruksrettleidingar» og brevdøme, som apotekaren Gustav Kullerud gav ut i 1935.

Mindre kjende er kanskje freistnadene på å innføre nynorsk som militært bruksmål. Major Einar Sagen gav først ut den vesle boka Norsk her-mál i 1910, med brevdøme og omsetjingar av lover og føresegner. Seinare kom Militær ordliste med nynorsk tyding (1933). Edvard Os, offiser og kjend målmann, var oppteken av å fremje norsk namneskikk og gav ut det vesle heftet Nemningar i heren (1920). Seinare laga han ei meir omfattande Militær fagmålordliste (1941, med ny utgåve i 1949).

Ei viktig bok frå denne perioden er den juridiske ordlista til professor Nikolaus Gjelsvik, med «ei utgreiding om den juridiske stilen» som føreord. Gjelsvik omsette mange lover til nynorsk og hadde stor innverknad på utforminga av det nynorske lovspråket. Ordboka kom ut i 1929, og arbeidet til Gjelsvik la grunnlaget for ein rik nynorsktradisjon innanfor det juridiske fagspråket. Denne tradisjonen er førd vidare m.a. av høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, som gav ut Juridisk og administrativ ordliste i 2002.

Etterkrigstida

Perioden fram til 1970 var prega av allmennspråklege ordboksutgjevingar. Men ved hjelp av nye støtteordningar som t.d. Norsk kulturfond vart det heretter mogleg å realisere utgjevinga av sentrale fagleksikografiske verk som Norsk landbruksordbok og Norsk teknisk ordbok.

Planane om ei norsk landbruksordbok går heilt tilbake til 1920-talet. Både studentar og lærarar ved Landbrukshøgskulen på Ås arbeidde for å realisere dette, og studentmållaget der samla inn midlar til det vidare arbeidet tidleg på 1950-talet. Noregs allmennvitskaplege forskingsråd løyvde òg midlar, og i 1954 vart Magne Rommetveit tilsett som redaktør. Boka kom ut først i 1978, noko som viser kor mykje arbeid som låg bak ei slik ordbok. I tillegg til eit hovudband med oppslagsord på bokmål og nynorsk finst det eit fleirspråkleg registerband. Ordboka vert no overførd til elektronisk format, og ordtilfanget vert ajourført og utvida.

Arbeidet med Norsk teknisk ordbok tok til alt i 1930-åra. Ordtilfanget vart samla inn frå ulike kjelder av studentar og ingeniørar frå NTH-miljøet i Trondheim, og mykje av det vart først utgjeve i form av to fornorskingsordlister (Torsrud 1950 og Ingeniørmållaget 1956). Ordboka har oppslag både på bokmål og nynorsk og kom først ut i 1981, med ny utgåve i 1984.

Ei anna stor teknisk ordbok med nynorskoppføringar er Norskteknisk fagordbok (1984), som m.a. inneheld fagterminologi frå Norsk termbank. Boka har engelske ekvivalentar og eit engelsknorsk register på 90 sider. Tanken var at ho skulle gjevast ut i nye og ajourførde versjonar, men det har diverre ikkje skjedd.

Rådet for teknisk terminologi (RTT) har òg vore ein viktig utgjevar av tekniske ordbøker. RTT-ordbøkene er redigerte på bokmål, men 20 av bøkene har med nynorskoppføringar der det er avvik mellom målformene. Den første av ordbøkene med denne typen redigering kom i 1979, den siste i 1998.

Ei av dei store nynorske fagordbøkene er Norsk medisinsk ordbok av Audun Øyri (1988). Åttande utgåve kom i 2007 og er mykje utvida jamført med den første utgåva. Boka inneheld ei eiga ordliste med engelske oppslagsord med omsetjingar, og i tillegg finst det etymologiske opplysningar, latinske nemningar og ordforklaringar. Hallstein Grønstøl si Veterinærmedisinsk ordbok frå 2004 bør også nemnast her, som den einaste norske ordboka på sitt fagområde.

Ei anna viktig ordbok er synonymordboka Med andre ord av Magne Rommetveit, som har kome i fleire nye og utvida utgåver etter at den første kom i 1993. Boka finst òg i elektronisk versjon.

Aktive målstudentar

Nynorskbrukande studentar har alltid vore aktive og sterkt engasjerte i målpolitisk arbeid, og mange av dei har lagt ned ein stor frivillig innsats for å setje om faglitteratur og utarbeide ordbøker på nynorsk. Studentmållaget i Oslo har nesten vore som eit eige forlag å rekne. Det har hatt eigne utgjevingar, samarbeidd med andre og gjeve pengestøtte til utgjevingar på andre forlag. I 1931 kom det ei teologisk ordliste som var utarbeidd av ei nemnd av teologistudentar i Oslo, og som vart utgjeven av Noregs Mållag. Medisinarmållaget Eir gav ut Norsk medisinsk ordliste i 1939.

Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo har i alle år vore ein viktig ordbokutgjevar. På 1970-talet gav Johan Ottesen og Skuleboknemnda ut tre fagordlister: i edb, sosiologi og politikk. Føremålet var å finne gode avløysarord til engelske uttrykk i fag som var sterkt prega av framandord. Nemnda gav òg ut ei juridisk ordliste (Olden 1978) med fornorsking av vanskelege juridiske bokmålstermar.

Det finst framleis studentar som gjer mykje for å gje nynorsk ein plass i faga sine. Sigbjørn Hjelmbrekke gav ut ei lita økonomisk ordliste i 2007, og Studentmållaget i Trondheim har gjeve ut liknande ordlister i mediefag (2002) og realfag (2005). Dei tre sistnemnde listene er òg tilgjengelege elektronisk.

Leksika på nynorsk

Mykje av institusjonsbygginga innanfor den nynorske skriftkulturen har gått føre seg etter eit prinsipp om alternativ organisering der nynorskmiljøa har bygd opp eigne institusjonar med nynorsk som målform. Ei slik parallell organisering har ført til to leksikonutgjevingar på nynorsk: Norsk Allkunnebok (ti band, 1948–64) og Nynorsk leksikon (to band, 1987). Allkunneboka hadde eit opplag på 10 000 eksemplar. Forlaget fekk etter kvart problem med økonomien, slik at verket vart mindre enn først tenkt. I tillegg kom Hermes leksikon i 1979, det einaste leksikonet som ligg føre i begge målformer.

Dugnad og statleg støtte

Idealistiske einskildpersonar har gjort ein stor frivillig innsats for å lage nynorske fagordbøker. Ei slik dugnadsånd stod særleg sentralt i den tidlege perioden til nynorsken og fram til 1960-talet, då statlege støtteordningar vart innførde for å sikre nynorsken sin plass i samfunnet. Utan slik støtte hadde det ikkje vore mogleg å fullføre mange av ordbokprosjekta.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.