AV JOHAN MYKING, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen
Artikkelen er henta frå Språknytt 3/2000.
Ein av dei viktigaste eigenskapane avløysarord kan ha, er å skildra innhaldet som ordet representerer, dvs. omgrepet. Vi seier gjerne at slike avløysarar er «sjølvforklarande», «gjennomsiktige», «transparente», eller med eit fellesord: motiverte. Dei mest typiske gjennomsiktige orda er avleiingar og samansetningar, der dei einskilde morfologiske elementa i ordet peikar mot viktige drag ved innhaldet: blå-bær i motsetnad til blå og bær kvar for seg. I andre tilfelle kan elementa vera metaforiske (biletlege) samband, jf. minne og mus i dataspråket. Alle slike mekanismar sikrar at nye ord vert grammatisk og semantisk integrerte i morsmålet, og ikkje ståande som isolerte merkelappar. Det finst truleg ein ibuande mental tendens til å leita etter gjennomsikt, som når universitet vert feiltolka som «undervisitet».
Når det gjeld avløysarar og nyord, kan ei vanleg argumentasjonsrekkje skisserast om lag slik: Di større gjennomsikt, di lettare er det å avkoda ordet, dvs. forstå det. Og di lettare ein avløysar er å forstå for brukaren, di større sjanse har ordet til å verta godteke og brukt. Derfor er det ein fordel med norske ord i staden for utanlandske, og med samansette ord i staden for enkle. Aller mest negative er vitskapsord av gresk opphav, fordi ordlagingselementa er framande og sambandet mellom dei lite gjennomsiktig, dessutan forkortingar, fordi ein vanskeleg kan gissa kva som gøymer seg bak bokstavane – ein må rett og slett vita det. Altså heller rett-skriv-ing enn orto-grafi (av gresk orthos «rett» og graphia «skriving».
Ord som ikkje har nokon komponentar som kan gje semantiske bidrag til avkodinga, vert ofte kalla vilkårlege, jf. blå og bær ovanfor. Forkortingar som radar, aids og tv er etter dette resonnementet vilkårlege og ugjennomsiktige – vel å merka dersom ein ikkje veit at det løyner seg fulle former bak orda. Kva som er lett å forstå, kan ofte vera hipp som happ: Mange veit nok at aids på norsk kan heita «pådregen immunsvikt», dei fleste veit sikkert at tv kjem av «televisjon» , som har eit endå meir motivert motsvar i omsetjingslånet fjernsyn. I dag er det truleg ikkje mange som kan ramsa opp «radio detection and ranging» som full form for radar. Likevel er desse forkortingane vanlege ord som ein gjennomsnitts avislesar både kjenner, brukar og støyter på dagleg.
Gjennomsikt kan altså ikkje vera noko absolutt suksessvilkår. Bruksfrekvensen ordnar ofte forståinga, og det kan vera heilt andre eigenskapar som gjer at ordet slår an. Ordlengda er truleg ein av dei viktigaste: Komplekse ord har ein tendens til å slitast ned i bruk, slik at dei vert kortare og fungerer som vilkårlege merkelappar der kjennskapen til innhaldet åleine er det som sikrar forståinga: hanske er eigentleg «handsko», kveg kjem (via dansk) frå kvikfé, «levande eigedom».Tilhøvet mellom bruksfrekvens og motivasjon er altså ofte omvendt proporsjonalt. Eit ord som e-post er etter denne analysen litt meir motivert og ørlite grann lengre enn meil. Det engelske faguttrykket foresight studies har fire stavingar, eit norsk framlegg forutsigelighetsforskning har åtte.
Nokre språkteoretikarar skil mellom «motivert» og «gjennomsiktig». At ord er motiverte, vil då seia at dei på eitt eller anna vis ikkje er tilfeldige, men likevel er dei ikkje fullt gjennomsiktige. Motiveringa kan t.d. vera ein eller annan lydleg eller grafisk assosiasjon, og denne assosiasjonen kan òg vera ei viktig minneteknisk støtte for tileigninga av ordet. Slik ordlaging er ofte intellektuelt avansert, og viktig fordi ho produserer korte og hendige ord, jf. islandsk tölva «datamaskin», som vert forklart med tala «tal» og völva «spåkone», den danske vitskapsmannen Ørsteds ilt og brint (av «ild»og «brænde»), nettikette (nett + etikette), modem (av modulator-demodulator).
Det finst ingen eintydige vitskaplege haldepunkt for at motivering eller gjennomsikt kan gjerast til generelle plussverdiar ved avløysarar, men heller ikkje for det motsette. Grunnane for å laga avløysarord er ikkje berre kognitive, men språksystematiske og allmennkulturelle. I orddublettar med avløysarord kan vi ha tevling mellom vilkårlege og gjennomsiktige synonym, der den mest vilkårlege varianten er direkte innlånt: jf. derrik vs. bore-tårn i oljespråket. Heller ikkje islendingane slepp unna dette dilemmaet, dei har både kvikmyndahús («hus med levande bilete») og bío der vi har kino. Vi kan samanlikna dette med tilhøvet mellom ein popularisert tekst og ein fagtekst. Den populariserte utgåva er ofte lengre og meir ordrik enn fagteksten, fordi ho inneheld meir overskotsinformasjon (redundans), og det er jo nett det gjennomsiktige ord gjer òg. Variantane tener ulike brukargrupper og funksjonar, og kan såleis vera tenlege kvar til sin bruk – bortsett frå i fagspråk og terminologi, der kravet til eintydig normering er strengt.
Vi let ein liten debattsekvens frå Ordsmia (jf. notisen Tema i dette bladet) illustrera mange av desse problemstillingane utan vidare kommentarar: