Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Varsku her!


Dei fleste har nok sett dei gule trekantane på Yr som varslar om fare. Men kva skal ein eigentleg gjera dersom det blir sendt ut eit farevarsel der ein bur?

– Sjølv om ein forstår innhaldet i eit farevarsel, er det ikkje alltid så lett å bruke informasjonen til å gjera det ein skal. Dei siste åra har vi gått frå å melde kva vêr som er venta, til å seia noko om konsekvensane av vêret og kva ein kan gjera for å redusere skadane. Når vi melder at det blir mykje vind eller regn, seier vi også at det er lurt å fortøye båten ekstra godt eller tømme kjellaren, seier Anders Doksæter Sivle.

Sivle er forskar ved Meteorologisk institutt. Saman med NRK arbeider instituttet med å utvikle vêrtenestene på Yr. Sivle seier at det er fleire grunnar til at dei har byrja å kombinere vêrvarsling med rådgjeving.

– I 2018 endra vi måten vi varslar om naturfarar på. Vi tok i bruk ein fargeskala med gult, oransje og raudt nivå. Vi gjekk frå eit system med to farenivå til eit system med tre fargar. Da vart vi nøydde til å samordne omtalen av vêrtypane. På raudt nivå varslar vi om ekstrem eller stor fare. Blir det varsla oransje nivå, kan vêret valde alvorleg skade, medan gult er eit varsel om moderat fare.

På den same tida sende Verdsmeteorologiorganisasjonen (WMO) ut oppmodingar om at vêrvarslinga bør fortelja meir om konsekvensane av vêret.

– Omleggingane gjorde at vi måtte tenkje grundig over korleis vi kommuniserer, og korleis informasjonen vår blir oppfatta. Vi ser det som ei kontinuerleg oppgåve.

Klarspråk, visuell kommunikasjon og vêrkompetanse

Klarspråk og god visuell kommunikasjon er to av verkemidla Meteorologisk institutt brukar for å nå fram til publikum. Sivle fortel at dei vurderer nøye korleis dei skal utforme så presise farevarsel som mogleg. Det ligg mykje omtanke bak den visuelle utforminga av Yr. Ikkje eingong rekkjefølgja informasjonen blir presentert i, er tilfeldig. Det fyrste ein ser på framsida av Yr når det blir sendt ut eit farevarsel, er ein varseltrekant med ein farge og eit ikon.

– Det er umogleg å presse all relevant informasjon inn i ein liten trekant. Før hadde alle trekantane raud ramme og eit ikon på kvit bakgrunn. I omlegginga valde vi å bruke bakgrunnsfargane raudt, oransje og gult for å framheve farenivået. Sjølve ikonet fortel kva slags fare som blir varsla. Om ein vil lesa ei meir utfyllande skildring av farevarselet, kan ein klikke seg vidare.

Både Meteorologisk institutt og NRK er opptekne av universell utforming, og at informasjonen på Yr skal vera tilgjengeleg for alle. Det skal også vera lett å orientere seg på nettsida på ein liten mobilskjerm. Sjølv om Sivle og kollegaene hans gjer det dei kan for å nå ut til publikum, meiner han at kvar og ein har ansvar for å skaffe seg kunnskap om vêr og natur.

– Eg meiner både sendaren og mottakaren har eit ansvar for å kunna setja seg inn i farevarsel og lokale forhold. Ein av dei tinga vi diskuterer, er om ein kan setja dei same krava til turistar, eller om det er vi som har ansvar for å tilpasse oss ved å tilby varslinga på mange språk.

Vêr og samfunnskunnskap

Farevarsling er ikkje ein eksakt vitskap som berre handlar om vindstyrke og nedbørsmengd. Det blir berre sendt ut farevarsel dersom ein reknar med at vêret kan føre til skade.

– Det er vanskeleg for meteorologane å vurdere om dei skal varsle om fare. Farevarsling krev ein del samfunnskunnskap. Det er ikkje nok at det er storm; vêret må ha skadepotensial. Difor brukar vi ulike kriterium for ulike årstider og ulike landsdelar. 10 cm snø i Oslo har heilt andre konsekvensar enn 10 cm snø andre stader i landet.

Terminologien til meteorologane kan ha store konsekvensar for korleis folk reagerer på vêrvarsel. Det er eit spørsmål om tryggleik.

– Om det blir for mange eller upresise farevarsel, risikerer vi at folk sluttar å bry seg om dei. Sjølve termen farevarsel kan òg medverke til problemet. Vi må alltid vera budde til å revurdere språkbruken vår.

Klarspråk i krisetid

Anders Doksæter Sivle er ein av føredragshaldarane på den nordiske klarspråkskonferansen 11. og 12. mai 2023. Der vil han fortelja meir om arbeidet med farevarsling og om koplinga mellom klarspråk og meteorologi.

Temaet for klarspråkskonferansen er klarspråk og kommunikasjon i krisetider, og innlegga dreier seg mellom anna om naturfarevarsling, pandemiar og terror. Konferansen er heildigital og heilt gratis.