Tydeleg, til stades og løysingsdyktig!
I episode 11 av Navs språkpodkast På godt NAVsk snakkar språkdirektør Åse Wetås, Nav-direktør Hans Christian Holte og tekstdoktor Christine Calvert om korleis ein kan vere tydeleg, til stades og løysingsdyktig.
Christine Calvert har lese samtalereferat frå Nav og har følgjande innspel:
Kva må eg vite? Kva treng eg å vite først? Det er viktig å vise tydeleg kven som har ansvaret. Detaljar og bakgrunnsinformasjon kjem i andre rekkje.
– Råda frå Calvert er vel verde å lytte til. Vi må seie det viktigaste først og vise tydeleg kven som skal gjere kva, seier Åse Wetås i podkasten.
I podkasten tipsar Wetås om Språkrådets mønsterpraksis, som er basert på samtalar med verksemder som har lykkast i språkarbeidet. På språklov.no kan du lese meir om tilrådingane i mønsterpraksisen, og du kan sjå eksempel på korleis verksemdene har arbeidd.