Hopp til hovedinnhold

Terminologi med tolmod og trykk


Hjå Riksantikvaren driv dei ikkje berre med gamle kulturminne, dei driv òg med heilt ny terminologi.

Riksantikvaren har ansvar for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og kulturhistoriske landskap. Mange kjenner nok direktoratet som vedtaksmyndigheit for fredingar og som forvaltar av kyrkjer og stavkyrkjer. 

Kulturmiljøforvaltninga er spreidd utover ulike forvaltningsnivå. Som hovudregel har fylkeskommunane ansvar for freda kulturminne, og i planarbeidet i kommunane blir det brukt kulturmiljødata. Om Statens vegvesen skal byggje ein veg, må det brukast data for å unngå å leggje vegen over ein gravhaug, for eksempel. Dimed blir desse dataa registrerte og brukte av fleire ulike aktørar. Riksantikvaren såg at det var behov for å utvikle ein felles terminologi. 

– Dei ulike aktørane registrerte data på ulike vis, det var ulik oppfatning av kva termane betydde, og det var mykje overlapp. Felles terminologi og felles forståing reduserer mistydingar og er meir effektivt, seier Solveig Skjermo, som er seksjonsleiar for digitale tenester. 

Arbeidet med terminologi sprang eigentleg ut av eit strategiarbeid om digitalisering.  

– Vi hadde ein database som begynte å knaka litt i samanføyingane. Vi bruker data annleis nå enn vi gjorde for ti år sidan, og vi såg at datakvaliteten var for dårleg. Det var viktig for både oss og fylkeskommunane å betre kvaliteten. 

Langsiktig prosjekt

For å få sving på terminologien måtte dei ta eit steg attende og begynne med heilt grunnleggjande terminologisk arbeid. Nå har dei halde på i fleire år. 

– Vi har trunge tid til å få alle til å forstå terminologi. Det er eit arbeid som krev tolmod, for ein ser ikkje resultata med ein gong. 

Korleis har de greidd å halde koken over fleire år? 

– Vi har ikkje sleppt tak i det fordi vi synest det har vore viktig. Men det er ein type arbeid det kan vera vanskeleg å få ressursar til. Det har nytta for oss å ha ein langsiktig plan og å sjå på terminologiarbeidet som eit steg mot noko anna. Det er ein viktig bit i eit større bilde. 

For å halde fram med arbeidet har Riksantikvaren tilsett Maren Teigen, som er informasjonsarkitekt. Ho skal syte for at prosjektet går over til fast drift.  

– Vi er snart ferdige med å definere dei sentrale omgrepa, men det er att eit utal omgrep som vi vil arbeide med i eit passeleg tempo. Vi deler mykje data allereie i dag, men dataa ligg i ein vanskeleg datamodell der berre «ekspertane» finn fram. Framover skal dataa bli betre strukturerte, slik at dei som ikkje er så godt kjende med datasetta, òg skal kunne finne fram, seier Teigen. 

Maren Teigen og Solveig Skjermo | Foto: Aina Hammari Lund

Mange involverte og mykje engasjement

Skjermo og Teigen fortel at dei har hatt ei lita prosjektgruppe som har drive fram arbeidet. Dei har òg hatt ei utvida prosjektgruppe og større innspelsmøte for å involvere så mange som mogleg. 

– Folk er verkeleg engasjerte. Innspelsmøta har vore store, folk har prioritert å vera med på desse møta. Til tider har det vore vrine diskusjonar, men det er òg litt av poenget med å ha slike møte, seier Skjermo. 

Har de nokon tips til andre som vil ta tak i terminologien sin? 

– I starten hadde styringsgruppa lange diskusjonar, og dei følte seg ikkje vel med å godkjenne ulike termar. Etter kvart innførte vi tilbakemeldinga «OK, gå vidare med dette». Da følte vi at vi ikkje låste oss til bestemte vedtak, men at vi kunne endre termane etter kvart. Når ein byggjer ut terminologien, kan nye fagfelt påverke gamle termar. Så ein må vera tolmodig og innstille seg på at mange ting blir endra undervegs i prosessen. 

– Det finst mykje godt materiale på nett som det løner seg å setja seg inn i. Så må ein finne ut kva som passar for organisasjonen, ein treng ikkje å gjera alt. Andre verksemder må berre ta kontakt med oss om dei har lyst til å spørja om råd! seier Teigen.