Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Språknøytral kommune i språkbalanse


– Eit kjenneteikn på språkarbeidet vårt er at det er godt forankra i toppleiinga og i politiske vedtak, seier Unni Berland, prosjektleiar for språkarbeidet i Stavanger kommune. Stavanger er ein språknøytral kommune som jobbar aktivt for å få til ein god balanse mellom bokmål og nynorsk.

– Då Stavanger, Rennesøy og Finnøy skulle slåast saman til éin kommune, var Stavanger bokmålskommune, Finnøy var nynorskkommune, og Rennesøy var språknøytral. Av omsyn til dei to nynorskkommunane vart det avgjort at nye Stavanger kommune skulle vera språknøytral.

De har valt å ta i bruk eit verktøy som omset tekst frå bokmål til nynorsk. Kva er erfaringane dykkar med det?

– Ved samanslåinga fekk Stavanger kommune fleire nynorskbrukarar, og me valde difor å gje alle kommunetilsette tilgang til ein nynorskrobot som gjer det mogleg å produsera større mengder tekst på god nynorsk. Verktøyet fungerer kjempebra – til og med på kommunen sine saksframleggsmalar.

Opplever du at dei tilsette i kommunen ønskjer å bruka nynorsk?

– Dei tilsette står fritt til å velja om dei vil bruka bokmål eller nynorsk. Kanskje er det enklare å skriva på bokmål for mange, men eg opplever at fleire tilsette ønskjer å skriva meir på nynorsk. Mange meiner til dømes at språket vert betre og klarare når dei skriv på nynorsk. Me erfarer likevel at det er viktig å halda arbeidet med nynorsken varmt. Folk har nok med å tenkja på bodskapen og kan gløyma å bruka nynorsk. Difor prøver me å minna om nynorskverktøyet så ofte me kan.

Kva anna gjer kommunen for å halda nynorskbruken oppe?

– Kommuneadministrasjonen har bestemt at minst ti prosent av nyhenda på intranett og innlegga i sosiale medium skal vera på nynorsk. På den offisielle nettstaden til kommunen er målet at dei mest besøkte sidene skal vera tilgjengelege på begge skriftspråk. I tillegg har me eit politisk vedtak om at kommunestyresaker som gjeld Finnøy, så langt som råd skal skrivast på nynorsk, og at skule- og barnehagestillingar i nynorske skulekrinsar skal lysast ut på nynorsk.

– Me fører også målbruksstatistikk kvar månad, og kvar måndag går me gjennom saker som skal ut i dei ulike kanalane i veka som kjem, og avgjer kva saker som skal vera på nynorsk.

– Vidare er me i gang med å laga ein språkbruksplan. Planen skal visa korleis kommunen skal etterleva krava i den nye språklova, og sikra at dei språklege rettane til innbyggjarane blir oppfylte. Lova seier mellom anna at offentlege verksemder har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk. I planen skal me synleggjera korleis kommunen skal jobba med det.

Kva råd har de til andre språknøytrale kommunar som ønskjer å få til ein god balanse mellom bokmål og nynorsk?

– Eit kjenneteikn på språkarbeidet i Stavanger kommune er at det er godt forankra i toppleiinga. Kommunen har ein eigen prosjektleiar for språksatsinga. Det viser at kommuneleiinga tek språk på alvor. Den danske kommunikasjonssjefen vår er også svært begeistra for nynorsk.

– Språkarbeidet bør vera forankra også i politiske vedtak. Stavanger kommune har klare språklege retningslinjer om alt frå namngjeving av nye verksemder til teiknsetjing. Me har til og med laga ein eigen språkrettleiar for stillingsannonsar.

– Ein ting er sikkert: Språkarbeidet kan ikkje vera basert på skippertak, det må setjast i system. Ein må ha klare retningslinjer: Kva stoff skal me ha på nynorsk? Kor stor prosent av innhaldet skal vera på nynorsk? Korleis skal me følgja opp språktiltaka?

– Og så treng dei tilsette gode verktøy. I tillegg til nynorskroboten for dei som treng litt hjelp med nynorsken, har kommunen tips til dei tilsette om korleis dei kan skriva i samsvar med klarspråkprinsippa i språkprofilen vår, til dømes korleis ein gjer ei passiv setning om til ei aktiv setning.