Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Skriveopplæringa – viktigare enn nokon gong?


4. juni ønsker Språkrådet og NTNU velkommen til nettseminar om skriving som grunnleggjande ferdigheit.

Programleiar Hilde Zahl spør blant andre Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Randi Solheim, professor i norskdidaktikk ved NTNU:

  • Korleis kan vi utdanne trygge skrivarar og språkbrukarar?
  • Kva skjer med skriveopplæringa i den digitale tidsalderen?
  • Kva kompetanse treng lærarane i framtida?

Debatten tar utgangspunkt i funn frå den nye skulekartlegginga: Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar [pdf]

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Trondheim

4. juni kl. 8.30–9.35

Arrangementet blir teiknspråktolka.

Foto av Wetås: Moment Studio, foto av Zahl: NRK, foto av Solheim: NTNU