Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Nynorsk: For dyrt for TV 2?


Regjeringa gir slepp på ein sjanse til å styrkja nynorsk i media gjennom den kommersielle kringkastingsavtalen.

Sidan starten i 1992 har TV 2 hatt ambisjonar om å nå heile landet med innhaldet sitt, og dei siste åra har kanalen hatt ein avtale med staten om kompensasjon for å driva såkalla kommersiell allmennkringkasting.

Då Medietilsynet evaluerte avtalen tidlegare i år, tilrådde dei å innføra eit talkrav for kor mykje nynorsk TV 2 skal bruka som allmennkringkastar. I dag er kravet berre at begge språka skal brukast. Sjølv om det nok ikkje er intensjonen, kan formuleringa i praksis tolkast som at allmennkringkastaren berre treng å bruka nynorsk éin gong i året for å møta kravet.

Tilrådinga frå Medietilsynet kunne sikra eit krav som monna og gav tydeleg utslag i bruken av nynorsk i medielandskapet. Det ville støtta opp om språkpolitikken Stortinget har vedtatt.

Ein tapt sjanse

Dessverre ser det ut til at dette ikkje blir noko av. I framlegget til statsbudsjett seier Kultur- og likestillingsdepartementet at dei ikkje vil stilla talkrav fordi «minimumskravene til språk ikke dekkes av kompensasjonen som staten yter», og at eit talfesta nynorskkrav dermed ikkje vil vera rimeleg.

Nynorsk og bokmål er likestilte språk. Då er det påfallande at ein tar utgangspunkt i at det eine av desse språka genererer særskilde utgifter som treng å bli kompenserte. Det er uheldig at ei tilråding som ville ha auka nynorskbruken i kringkastinga, ikkje blir tatt til følgje, og at økonomi blir brukt som argument.

Staten stiller allereie andre språkkrav i avtalen. Blant anna inneheld avtalen eit krav om at 50 % av programma skal vere norskspråklege, utan at staten yter kompensasjon. Det er bra. Men norsk er som kjent både bokmål og nynorsk, og utan talfesta krav til nynorskbruken er det fare for at berre eine helvta blir med.

Låge ambisjonar

Språklova, som tok til å gjelde i år, pålegg staten eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. Når Kultur- og likestillingsdepartementet no ikkje vil sikra meir enn eit absolutt minimum av nynorsk på sendeflatene til ein av to allmennkringkastarar, bryt det med den språkpolitikken departementet sjølv har hovudansvaret for.

Eit minstekrav for nynorsk ville ha ført til meir mangfald i TV 2 sine sendingar og vore eit tydeleg signal om at kanalen skal nå alle innbyggjarane i landet. Verken krava eller ambisjonane til ein allmennkringkastar bør vera lågare enn det.