Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Ny rapport om språkbyte frå nynorsk til bokmål


Mange nynorskelevar byter skriftspråk frå nynorsk til bokmål. Kva er årsakane til det? Det har Nynorsksenteret undersøkt i ein ny rapport.

Rapporten vil bli lansert på eit ope og gratis arrangement på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober (09.30–11.30). Forfattarane bak rapporten er høgskulelektorane Jorid Saure og Liv Astrid Skåre Langnes. Det vil bli høve til å stille spørsmål til forfattarane etter lanseringa.

Språkbyte blant nynorskelevar har vore ei utfordring i fleire år. Framlegget til den nye språklova slår fast at språkbyte «er med på å svekkje statusen til nynorsken». Det har lenge vore eit mål for språkpolitikken å hindre denne utviklinga og stabilisere talet på nynorskelevar i skulen. Likevel byter stadig fleire nynorskelevar skriftspråk, og språkbyte skjer oftast i dei områda der nynorsken står under press. Det er eit sprik mellom dei offisielle språklege målsetjingane på den eine sida og praksisen i skulen på den andre sida.

På oppdrag frå Språkrådet har Nynorsksenteret utarbeidd ein ny rapport om språkbyte i skulen. Føremålet med rapporten er å få oppdatert kunnskap om kvifor språkbyte skjer i og utanfor randsonene for nynorsken. Språkrådet vil bruke kunnskapen som eit fagleg grunnlag for å føreslå målretta tiltak som kan redusere omfanget av språkbyte frå nynorsk til bokmål hjå elevar i grunnopplæringa.