Hopp til hovedinnhold

Ny handlingsplan for norsk fagspråk


Ein fersk rapport viser at universitet og høgskular manglar ein god kultur for skriving på norsk. Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund L. Hoel (Sp), varslar «ein konkret, handlingsretta plan». – Dette er svært godt nytt, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

– Det er tendensar til at norsk språk taper domene i sektoren for høgare utdanning. Vi arbeider for å styrke norsk fagspråk, og ein handlingsplan blir eit gjennombrot i det arbeidet, seier Wetås.

Arbeidet med norsk fagspråk har vore høgt prioritert i Språkrådet i fleire år. Skal norsk fungere som eit fellesspråk i det norske samfunnet, må norsk bli brukt på alle fagområde i universitets- og høgskulesektoren.

Saman med Universitetet i Bergen står Språkrådet bak ein fersk rapport om norsk fagspråk i universitets- og høgskulesektoren. Funna i rapporten vart presenterte under eit ope frukostmøte 17.01.23.

Arbeidet med handlingsplanen skal setjast i gang denne våren.

– Dette gjer me fordi det står så dårleg til. No vil me ha ein konkret, handlingsretta plan, og me vil ha med alle gode krefter, sa Hoel etter presentasjonen.

«Alle gode krefter» er Språkrådet, Forskingsrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Nasjonalbiblioteket og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.

– Språkrådet har store forventingar til arbeidet. Særleg er det positivt at det blir varsla tiltak som verkeleg vil monne for norsk fagspråk, seier Wetås.

Om undersøkinga

Undersøkinga om norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høgskulesektoren er gjennomført av Rambøll på oppdrag frå Språkrådet og Universitetet i Bergen. Føremålet med undersøkinga var å innhente kunnskap om arbeidet som blir gjort med norsk fagspråk. Spørjeskjemaet i undersøkinga vart sendt ut på norsk og engelsk til vitskapleg tilsette ved offentlege universitet og høgskular, og det kom inn 1329 svar. Gjennom undersøkinga vart det mellom anna kartlagt i kva grad dei tilsette skriv fagtekstar på norsk og i kva sjangrar, og kva som hindrar dei i å skrive på norsk.