Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Norske avisredaktørar vil ha meir nynorsk – men trur det blir mindre


Sjefredaktørane i både VG og Sogn Avis synest det er viktig å arbeide for nynorsk som avisspråk, men dei har ulik måte å gjera det på.

Språkrådet har nyleg gjennomført ei undersøking der 135 redaktørar svarte på spørsmål om bruk av nynorsk og bokmål i norske aviser. Undersøkinga viser blant anna at nesten halvparten av redaktørane i avisene som brukar både nynorsk og bokmål, synest at det burde ha vore meir redaksjonelt stoff på nynorsk i avisa deira. Berre tre prosent synest at det burde ha vore mindre. Samtidig trur 21 prosent av redaktørane i avisene som brukar begge skriftspråk, at dei kjem til å bruke mindre nynorsk om ti år enn i dag. Ingen trur at dei kjem til å bruke meir.

Kva skal til for at avisene som brukar begge skriftspråk, vil bruke meir nynorsk, slik dei sjølve ynskjer? Vi spurte redaktøren i Noregs største avis, VG.

– Eg trur det viktigaste er at leiinga må ynskje å bruke meir nynorsk. Det må vera eit medvite val. Det er også viktig å auke medvitet blant journalistane om at nokre saker blir betre på nynorsk. I VG har vi opna for at journalistane kan bruke nynorsk når det er riktig for saka. Det handlar om kven ein intervjuar, kva område saka kjem frå, eller temaet i saka. Ein skal tenkje på lesaren, ikkje på kva journalisten føretrekkjer, seier Gard Steiro.

Han seier at det for eksempel ikkje gjekk an å sitere Jon Fosse på bokmål da han vann nobelprisen.

– Det ville vore vanhelging!

Kan ikkje berre få kompetanse, må også gje

Arve Uglum, redaktør i Sogn Avis, trur mykje handlar om å rekruttere og lære opp journalistar.

– Det finst ein del opplæringsordningar der ein kan rekruttere nynorskjournalistar, ein må halde fram med desse insentiva. Og så handlar det om lyst og meistring. Ein må gje meistringskjensle til dei som skriv nynorsk. Eg skjønar at somme synest at det er skummelt å bruke nynorsk, for dei nynorske språkrøktarane er ikkje alltid ein positiv gjeng.

I undersøkinga rapporterer halvparten av redaktørane i dei reine nynorskavisene at det er ei utfordring å rekruttere journalistar med god nok nynorskkompetanse. Uglum er blant redaktørane som ikkje synest dette har vore så vanskeleg.

– Vi har rekruttert ganske bra heile tida. I alle utlysingar står det at arbeidsspråket vårt er nynorsk. Vi har tilsett bokmålsbrukarar som har begynt å skrive nynorsk. Kompetanse er ikkje berre noko vi søkjer etter, men også noko vi skapar sjølve.

Så avisene har eit ansvar for å skolere dei journalistane dei sjølve treng?

– Ja. Språkrøkt er viktig i alle redaksjonar, den røkta skjer uansett kva språk vi skriv på.

Oppheva nynorskforbodet

Da Gard Steiro tok over som sjefredaktør i VG, oppheva han forbodet mot nynorsk i redaksjonelt stoff, og nynorsk og bokmål vart likestilte språk på debattsidene.

– VGs språknorm handlar i hovudsak om tradisjon. Vi har eit breitt nedslagsfelt, og majoriteten av lesarane brukar bokmål. Det har vore viktig å opne for nynorsk fordi vi har lesarar som føretrekkjer det. Lesarane både forstår og aksepterer begge skriftspråka. Tekstar på nynorsk blir ikkje lesne i mindre grad enn tekstar på bokmål. Som sjefredaktør har eg berre fått positive reaksjonar.

Er nynorsk eit tema i Schibsted-konsernet?

– Det har vore eit tema for nokre år sidan. Diskusjonen den gongen gjaldt stoffutveksling og samarbeid om stoff. Aftenposten hadde ei restriktiv linje, medan Bergens Tidende delte artiklar på nynorsk. I VG omset vi ikkje nynorsktekstar som er delte frå andre aviser, til bokmål.

Avisene treng nynorskjournalistar

Språkpolitikken og språklova slår fast at det offentlege skal arbeide for å fremja nynorsk. Sidan media er eit viktig område for nynorsken, har det vore viktig for Språkrådet å få meir kunnskap om stoda her. Kva perspektiv har norske redaktørar på bruken av bokmål og nynorsk, og finst det nokon hindringar for å skrive på nynorsk i norske aviser?

– Eg synest det mest interessante med undersøkinga er at mange redaktørar leitar etter journalistar med god nok nynorskkompetanse. Vi har eit politisk mål om å styrkje nynorsk, og det kan det offentlege bidra med gjennom å legge til rette for å utdanne fleire nynorskskrivande journalistar. Utdanningane bør lytte til behova i bransjen, seier avdelingsdirektør i Språkrådet, Lars Ivar Nordal.

I kor stor grad bør avisene sjølve ta ansvar for nynorsk som mediespråk?

– Det er viktig at redaktørar og redaksjonar er medvitne om språkbruk og bruken av nynorsk og bokmål. Men det er ikkje deira ansvar åleine. Pressestøtta er kulturpolitisk, og dimed også språkpolitisk, fundert. Vi skal ha ei levande presse på norsk, og undersøkinga viser at vi har ein brei flora av aviser på både bokmål og nynorsk. Det er ein demokratisk verdi. Eg håpar at redaktørane for dei språkblanda avisene er stolte over det, og at dei arbeider for å halde fram med å bruke begge skriftspråka.

Kva med framtida?

Sogn Avis kjem til å halde fram som ei rein nynorskavis, og det er ingen grunn til å svartmale situasjonen for nynorsk som mediespråk, seier Arve Uglum.

– Vi held til midt i det nynorske kjerneområdet, det ville vore kommersielt uklokt å skrive på noko anna enn nynorsk. Eg deler ikkje pessimismen for nynorsken som avisspråk. Vi som er reine nynorskaviser, greier oss godt. Og nå som nynorsken har fått innpass i mange av dei store avisene, har tonen vorte ein heilt annan blant folk. Det er vanleg å sjå begge skriftspråka på trykk. VG gjer ein kjempejobb her.

Og VG utelukkar ikkje at det kan bli meir nynorsk.

– Så lenge såpass mange nordmenn brukar nynorsk, må media gjenspegle det. Media har eit ansvar. KI og språkmodellar gjer kanskje at det blir meir nynorsk framover. Det er interessant om lesarane kan velja å få omsett ein del av stoffet. Fordelen er at dei som vil lesa ting på nynorsk, kan få ein nynorskversjon. Men dei som er opptekne av at alle skal lesa nynorsk, vil ikkje vera like fornøgde med parallellversjonar, seier Gard Steiro.

Om undersøkinga

Nokre hovudfunn:

  • 53 prosent brukar berre bokmål i det redaksjonelle stoffet. 21 prosent brukar berre nynorsk. 24 prosent brukar begge skriftspråka.
  • Lesarane og språkbruken i nedslagsfeltet er ifølgje redaktørane dei viktigaste grunnane til at avisene ikkje brukar nynorsk.
  • Dei fleste av avisene som brukar både nynorsk og bokmål, seier at det meste av stoffet er på bokmål. Gjennomsnittleg er 22 prosent av det redaksjonelle stoffet på nynorsk i aviser som brukar begge skriftspråk.
  • 50 prosent av dei reine nynorskavisene seier at det er ei utfordring å rekruttere journalistar med god nok nynorskkompetanse.
  • Nesten halvparten av avisene som brukar både nynorsk og bokmål, synest at det burde ha vore meir redaksjonelt stoff på nynorsk i avisa deira. Berre tre prosent synest at det burde ha vore mindre.
  • 21 prosent av avisene som brukar begge skriftspråk, trur at dei kjem til å bruke mindre nynorsk om ti år enn i dag. Ingen trur at dei kjem til å bruke meir.

Sjå resultata frå undersøkinga om nynorsk i norske aviser.