Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Norsk språk blir styrkt på universitet og høgskular


Regjeringa har lagt fram både eit nytt lovforslag og ein handlingsplan som skjerpar språkkrava i akademia. Målet er å reversere svekkinga av norsk språk i universitets- og høgskulesektoren. 

16. juni vart forslaget til ny universitets- og høgskulelov lagt fram, og berre to dagar tidlegare vart det lansert ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. I løpet av ei veke vart det dimed lagt fram to svært viktige styringsdokument som har stor innverknad på språksituasjonen i Noreg.

Åse Wetås

– Norsk er under sterkt press frå engelsk, særleg i akademia. Institusjonane har allereie eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, men vi veit at ansvaret ikkje blir følgt opp godt nok. Med den nye lova blir dette ansvaret gjort endå tydelegare. Nå ser vi at Kunnskapsdepartementet tek viktig språkpolitisk sektoransvar, og her er dei eit godt førebilete for andre samfunnssektorar, seier språkrådsdirektør Åse Wetås.

Paragraf om fagspråk

Den nye lova har ein eigen paragraf om norsk og samisk fagspråk. I paragrafen står det mellom anna at universitet og høgskular skal bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk, og at undervisningsspråket skal vera norsk eller samisk.

– Lova understrekar det store språkansvaret akademia har. Lova gjer det òg tydeleg at vi i Noreg har eit språkmangfald der både nynorsk, bokmål og samisk er forvaltningsspråk. Skal desse språka vera levande og moglege å bruke på alle område i samfunnet, må universiteta og høgskulane arbeide systematisk og langsiktig med fagspråk, seier Wetås.

I proposisjonen som følgjer med forslaget til ny lov, står det mellom anna at

  • norsk eller samisk skal vera hovudspråket ved norske universitet og høgskular
  • framandspråk kan nyttast når det tener eit føremål, men bruken skal vera reflektert og ikkje skje på automatikk
  • institusjonane må utvikle terminologi på bokmål og nynorsk i takt med importen av engelskspråkleg terminologi
  • Kunnskapsdepartementet ventar at institusjonane arbeider systematisk og langsiktig med terminologi, og at dei bidreg til utviklinga av Termportalen

Det vil òg koma forskrifter som presiserer innhaldet i paragrafen om norsk og samiske språk.

– Med ny lov, komande forskrifter og ein handlingsplan vil sektoren vera godt rusta til å arbeide med språk framover. Dette er svært gode nyheiter både for studentar, tilsette i akademia og samfunnet som heilskap, seier Wetås.

Les meir