Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Nettseminar om terminologiarbeid i universitets- og høgskulesektoren


Tar engelske fagtermar over i faget ditt? Korleis kan universiteta og høgskulane sørgje for at det blir utvikla norsk terminologi innanfor alle fag, og korleis kan ditt fagmiljø bidra?

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Termportalen ved Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet arrangerer nettseminar 25. april kl. 10.00–11.00 om utvikling av norsk terminologi i universitets- og høgskulesektoren.

Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.

Program

Kl. 10.00 – Velkommen ved Bjørg Nesje Nybø, Språkrådet. Deretter desse korte innlegga:

  • om terminologiutvikling i universitets- og høgskulesektoren
    ved Sunniva Whittaker, styreleiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR)
  • om studentane og behovet for norsk terminologi
    ved Harald Bolstad Evensen, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • om korleis terminologiarbeid kan organiserast i eit fagmiljø
    ved Sandra Louise Halverson, professor, Universitetet i Agder
  • om korleis Termportalen kan leggje til rette for terminologiarbeid og bidra til å gjere terminologien tilgjengeleg
    ved Marita Kristiansen, fagleg leiar for Termportalen ved UiB
  • om terminologi i eit undervisningsperspektiv
    ved Adam Leon Kleppe, førsteamanuensis i robotikk og mekatronikk, NTNU

Ca. kl. 10.30 – Panelsamtale mellom innleggshaldarane, leia av Kjetil Gundersen, Språkrådet

Kl. 11.00 – Seminaret slutt