Hopp til hovedinnhold

Nettseminar: Behov for norsk fagspråk for studentar


Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?

15. april kl. 10.00–11.00 inviterer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Senter for norsk fagspråk og Termportalen ved Universitetet Bergen og Språkrådet til nettseminar der vi utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.

Program

Didrik Nohre Lønvik, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon gir eit innblikk i kva for utfordringar studentane har når det gjeld bruk av fagspråk, og korleis dette påverkar den faglege utviklinga deira. 

Silje Molander, avdelingsdirektør i avdeling for yrkeskvalifisering og opptak i HK-dir fortel om språkkrav for opptak til høgare grunnutdanningar. 

Marte Pupe Støyva, spesialbibliotekar og doktorgradsstudent, Universitetet i Stavanger tek for seg kva forskinga seier om studentane si lesing i dag, og kjem mellom anna inn på kva som krevst for å bli ein god lesar i ei digital tid. 

Inga Bårdsen Tøllefsen, førstebibliotekar og leiar av Skrivesenteret ved UiT – Noregs arktiske universitet kjem med eit blikk på norsk som fagspråk sett frå Skrivesenteret. 

Frå ca. 10.35 panelsamtale leia av Ann-Tove Eriksen, avdelingsdirektør i HK-dir.