Hopp til hovedinnhold

Nettseminar: Behov for norsk fagspråk for studentar


Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?

15. april kl. 10–11 inviterer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Senter for norsk fagspråk og Termportalen ved Universitetet Bergen og Språkrådet til nettseminar der vi utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.

Gjennom korte faglege innlegg ser vi på korleis dette påverkar lesinga, skrivinga og den faglege utviklinga til studentane. NSO bidreg med studentane sitt perspektiv.

Nærare program for nettseminaret vil bli lagt ut her når det er klart, men du kan melde deg på allereie no.

Når: onsdag 15. april 10–11
Kvar: digitalt