Hopp til hovedinnhold

Kva er ein «prompt» på norsk?


Det siste året har Språkrådet fått mange e-postar frå folk som lurer på kva dei kan bruke på norsk i staden for den engelske termen prompt – det vil seie termen som blir brukt om den teksten ein skriv til ein tekstrobot som til dømes ChatGPT for å få han til å lage ein tekst.

Det har blitt ganske vanleg å bruke prompt også på norsk, og mange veit kva termen tyder, så det kan hende han kjem til å slå rot som eit lånord i norsk. Frå før har vi adjektivet prompt(e) ‘rask, punktleg ’ og adverbet prompte ‘straks’ i norsk. Desse orda kjem via fransk frå latin promptus ‘budd’ og prompte ‘raskt’. Det nye substantivet som har komme inn frå engelsk, er av same latinske rot.

Språkrådet er likevel samd med dei som meiner at me bør bruke ein annan term enn prompt i samband med kunstig intelligens på norsk. Prompt kan vere vanskeleg å forstå intuitivt første gongen ein møter ordet, og sidan kunstig intelligens er eit viktig tema i allmenta, er det særleg viktig at me kan snakke om det med ord som er lette å forstå. Det finst dessutan ei rekkje brukande alternativ til prompt i det etablerte norske ordforrådet, og da er det eit godt høve til å velje norsk framfor engelsk. Det siste året har me da også sett ein heil del gode alternativ til prompt i bruk i tekstar eller i e-postar til Språkrådet der dei har vore lanserte som framlegg. Dette gjeld mellom anna instruks, instruksjon, bestilling, førespurnad (bokmål: forespørsel), kommando og leietekst (bokmål: ledetekst).

Det har vore vanskeleg for Språkrådet å gje råd om kva for eit av desse ein bør bruke på norsk. Det har ikkje sett ut til at sentrale fagmiljø har vore samstemde om kva som bør brukast på norsk, og Språkrådet har ikkje den naudsynte fagkunnskapen om kunstig intelligens til å avgjere på eiga hand kva som er det beste alternativet. Men det offentlege organet Teknologirådet har føreslått instruks i ordlista si for kunstig intelligens, og hausten 2024 fekk Språkrådet tilråding om den same termen frå ei gruppe fagfolk som skal i gang med å utvikle ein termbase for kunstig intelligens i Termportalen, Noregs nasjonale portal for terminologi. Det at to fagmiljø har teke til orde for å bruke instruks på norsk, talar sterkt til fordel for dette alternativet.

Det skal seiast at språkbruken på dette feltet framleis er i støypeskeia, og me ser mellom anna at instruksjon er ein del brukt i medietekstar. Men når bruken av termar varierer, er det eit godt prinsipp å sjå til kva som blir brukt eller føreslått av viktige fagmiljø. Derfor er også tilrådinga vår å bruke instruks som norsk avløysar til prompt. Om det viser seg at instruksjon, eller eit anna brukande alternativ, får meir gjennomslag etter kvart, også i fagmiljøa, er me opne for å revurdere rådet.

Kva så med verbet prompte, som blir brukt om det å skrive ein «prompt» til tekstroboten? Jo, når ein bruker instruks om teksten, kan ein bruke instruere om det å skrive teksten. Nokre gonger kan det likevel vere naturleg å bruke ei formulering som gje instruks eller skrive/lage ein instruks.

Abonnerer du på Språknytt?

Nyheitsbrevet gir deg sakene rett i innboksen: Les om språkutviklinga og språkpolitikken. Få tips og råd til bruk i språkkvardagen.

Ikkje det? Registrer deg her!