Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kva er den beste organiseringa av eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk?


Telemarksforsking presenterer kva dei meiner om saka, fredag 23.06. kl. 10.15. Følg strøyminga frå arrangementet på Nasjonalbiblioteket!

Språkrådet gav i 2022 Telemarksforsking oppdraget med å laga ei utgreiing om korleis eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk bør vera organisert. No er rapporten klar, og Telemarksforsking vil gjera greie for kva modell dei meiner best kan løysa forskings- og utviklingsoppgåvene, og kva institusjonar som bør få ansvaret, både for forskinga og finansieringa.

I Målstova på Nasjonalbiblioteket presenterer dei rapporten «Et samfunnsbærende språk».

Program
10.15Velkomsthelsing ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet
10.20Presentasjon av rapporten ved Åsne Dahl Haugsevje, Telemarksforsking
10.50Innlegget «Behovet for leksikografi, namnegransking og terminologi i utdanningssektoren» ved Leiv Inge Aa, NTNU