Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kjær stad har mange namn


Eit innsamlingsprosjekt i Frøya kommune har hittil resultert i over fire tusen registreringar av stadnamn. Utan prosjektet ville mange av namna truleg gått tapt.

Eli Johanne Ellingsve | Foto: Orkana Forlag– Det er ikkje så stor fråflytting frå Frøya, men det er mykje sentralisering. Folk bur ikkje spreidd ute på holmar og skjær lenger. Dimed går også mange stadnamn ut av bruk.

Det seier Eli Johanne Ellingsve, som saman med Sølvi Skarsvåg har leia innsamlingsprosjektet i Frøya. Ellingsve har doktorgrad i stadnamnforsking og har gjeve ut fleire bøker om stadnamn.

– Mange av dei namna vi får inn, står allereie på kart. Vi samlar inn og registrerer rubb og rake. Om vi ikkje gjorde det, ville ikkje folk få tilslag om dei søkte på desse «kjente» namna. Vi legg inn gamle uttaleopplysningar, namneforklaringar og info om feilplasseringar.

Historiske namn med både kulturell og praktisk verdi

Ellingsve og Skarsvåg søkte om midlar til prosjektet og fekk støtte frå Språkrådet. Dei heldt eit møte for å invitere med seg historielag, grendelag og andre samanslutningar. Så starta dei arbeidet med å finne ulike artiklar og oppgåver der det var samla ein del stadnamn. Etter kvart var det fleire i lokalbefolkninga som engasjerte seg og sende inn namn. Nå, åtte år etter at prosjektet starta, kjem det framleis inn namn.

Kvifor er det viktig å ta vare på desse stadnamna?

– Stadnamna fortel så mykje; dei er historiske bakteppe for livet på ein stad. Dei kan seia noko om kva folk har livnært seg av, kva dei har levd av og for. Dei er rett og slett bevis på kva som har gått føre seg på ein stad. Om vi ikkje samlar inn namna, blir vi historielause, seier Ellingsve.

Frøya er ein øykommune med mange holmar, skjær og grunner. Namna ute i havgapet er ofte knytte til spesielle hendingar, som ulykker eller godt fiske.

– Namna er svært nytteorienterte. Det er lite romantikk eller ferie her! Namna seier gjerne noko om kva type fisk ein kan rekne med å få, korleis botnforholda er, eller om det er vêrhardt. Stadnamn kan òg vera oppkalla etter personar som har funne ein god fiskeplass, eller etter båtar som har gått ned.

Dansketid og dialekt

Namnet på og skrivemåten av ein busstopp, ei gate, ein holme eller ein sportshall kan setja sterke kjensler i sving. Debattspaltene i lokalavisene blir gjerne fylte opp av glødande innlegg når eit namn eller ein skrivemåte skal vedtakast. Kvifor er det slik? Avdelingsdirektør i Språkrådet, Daniel Ims, forklarer at det i hovudsak er to debattar:

Daniel Gusfre Ims | Foto: Moment Studio– Den eine striden gjeld motsetninga mellom ein danskpåverka skrivemåte av namna og ei munnleg nedarva form. Vi opplever ofte dei «fordanska» skrivemåtane som tradisjonelle fordi dei har vore skriftfesta så lenge. Men stadnamnlova gir den munnleg nedarva forma forrang – det er den eldste og mest opphavlege forma. Dimed blir det gjerne slik at eit gardsnamn blir skrive annleis enn etternamnet til dei som bur på garden.

– Den andre striden gjeld kor langt ein kan gå i å tilpasse skrivemåten til dialekten. Regelverket opnar for ein del dialektnære skrivemåtar, samtidig som namna skal vera gjenkjennelege. Vi skal i all hovudsak bruke normerte former, iallfall så lenge dei ikkje endrar uttalen av eit namn. For eksempel skriv vi -sand med d, sjølv om vi i mange talemål ikkje uttalar d-en.

Ellingsve seier at ho har møtt lite motstand i prosjektet på Frøya, men at nokre få har vorte sinte og ikkje vil ha noko av dei nye skrivemåtane. Men stort sett har befolkninga vore glade for arbeidet som har vorte gjort.

– Folk må ofte gjennom ein tilvenningsperiode når vi kjem med nye skrivemåtar av eit namn. Det kan nesten vera ein sorgprosess, fordi folk innser at dei ikkje har visst nok om kva eit namn kjem frå, eller korleis det bør skrivast. Men etter kvart blir ein van med nye skrivemåtar fordi dei kjem på trykk og på vegskilt. Dei fleste ser fornufta i at ein skal ha ein norsk skrivemåte som er i tråd med normeringa.

Ellingsve seier at ho har hatt stor glede av stadnamnarbeidet.

– For meg har Frøya-prosjektet og andre prosjekt vore gode møte med folk som er glad i heimstadene sine, og dei namna som dei vaks opp med. Det er også svært mange som er takksame for at dei får vera med og sikre namna mot å gå i gløymeboka.

Det hastar å få dokumentert stadnamn

Språkrådet forvaltar ei tilskotsordning for innsamling av stadnamn. Fram til nå er det samla inn rundt 150 000 stadnamn. Dei er registrerte i ein søkbar base som er tilgjengeleg for alle. I tilskotsordninga er det viktigaste at sjølve namna blir dokumenterte, og at det er med informasjon om uttalen. Skrivemåten kan avklarast seinare.

– Formålet med ordninga er å samle inn namn som ikkje er samla inn frå før. Vi reknar med at det er svært mange namn som vil gå i gløymeboka fordi kulturen har endra seg mange stader. Det hastar med å få dokumentert desse namna, seier Ims.

Kor stor må ein stad vera for at namnet skal bli rekna som eit stadnamn?

– Ingen namn er for små, og alle er like mykje verdt! Steinar eller spesielle tre er typiske objekt som har namn. Slike namn er det ikkje aktuelt å få inn på eit noregskart; det blir for tett og detaljert. Men det er fint å ha slike namn i basen vår. Dei kan brukast når vi gir råd i andre namnesaker, eller dei kan vera til inspirasjon når ein kommune skal velja namn på noko i nærområdet.

Kven gjer kva i stadnamnsaker?

Stadnamnlova regulerer kven som vedtek kva i stadnamnsaker.

  • Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av namn på offisielle adresser.
  • Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.
  • Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje noko anna er fastsett i lov eller forskrift.
  • Språkrådet har ansvaret for norske og kvenske stadnamn. Sametinget har ansvaret for samiske stadnamn. Stadnamntenesta i Språkrådet skal gi rettleiing og tilråding om skrivemåten av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Tenesta kan òg uttala seg om bruk av stadnamn.
Tilskotsordning for innsamling av stadnamn
I statsbudsjettet blir det kvart år sett av pengar til ei tilskotsordning for innsamling og registrering av stadnamn. Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga. Formålet med tilskotsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn.

Vil du berge dei lokale stadnamna der du bur? Da kan du søkje om tilskot gjennom tilskotsordninga for innsamling av stadnamn.

Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private) som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar, kan søkje om tilskot gjennom ordninga.

Vegen til stadnamnet
«Vegen til stadnamnet» er eit e-læringskurs om stadnamnarbeid og stadnamnlova. Kurset er primært retta inn mot kommunalt tilsette som arbeider med stadnamnsaker lokalt, men det er ope for alle som vil lære meir om norske stadnamn, korleis dei blir handsama, og kva regelverk som ligg bak handsaming av stadnamnsaker.

Foto av Eli Johanne Ellingsve: Orkana Forlag
Foto av Daniel Gusfre Ims: Moment Studio