Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kåring av dei beste europeiske masteroppgåvene


Den europeiske samarbeidsorganisasjonen for språknemnder, EFNIL, skal kåre dei tre beste masteroppgåvene i Europa innanfor emna språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit. Studentar blir oppfordra til å sende inn oppgåvene sine og delta i konkurransen.

EFNIL ønskjer å fremje forsking på språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit, og vil at viktige forskingsresultat skal nå eit større publikum. Denne konkurransen skal motivere unge forskarar til å engasjere seg i forsking og formidling på området.

Dei tre studentane som sender inn dei tre beste oppgåvene, mottar EFNILs masteroppgåvepris (1 500 euro) og får høve til å presentere masteroppgåva på årskonferansen til EFNIL (alle utgifter blir dekte). Vinnarane kan få publisert kvar sin artikkel basert på masteroppgåva saman med dei andre artiklane frå årskonferansen. I tillegg får dei sjansen til å publisere heile masteroppgåva på nettsida til EFNIL: www.efnil.org.

Frist for innsending er 15. januar 2024.