Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Joik for helsa? Dearvvašlaš juoigat?


Joik kan ha helsefremjande effekt. Det viser forskinga til musikkvitar Soile Hämäläinen. Ho vil bøta på den manglande kunnskapen om urfolkssong og helse. Samandrag på samisk nedanfor.

Samandrag på samisk

Soile Hämäläinenis lea masteroahppu musihkkadiehtagis NTNU bokte, mas fáddán lei musihkka ja dearvvašvuohta, ja son leat Romssa universitehtas dutkan juoigama ja dearvvašvuođa oktavuođa. Son lea almmuhan njeallje dutkanartihkkala máŋgga kvalitatiiva jearahallama vuođul. Son lea dál bargame doavttirgrádadutkosiin man vuođđun atná dáid artihkkaliid. Hämäläinen fuomášii ahte juoigan sáhttá dásset dovdduid ja danne sáhttá dat doaibmat terapiijalaš veahkkin. Su guorahallamat čájehit maiddái ahte juoigamis sáhttá leat buorre ávki demeansadávdda hárrái, sihke dan dáfus ahte juoigan orru boktime muittuid, ja danne go juoigan hukse oadjebasvuođadovddu.

– Jearahallamat čájehedje čielgasit ahte juoigan sáhttá unnidit dovddolaš deattu, ja ahte juoigamis leat stuora vejolašvuođat terapiija hárrái sámiid guovdu geaidda juoigan lea oahpis, lohká Hämäläinen.

– Joik er mange ting. Det er musikk, forteljekunst, litteratur, tradisjonskunnskap og ikkje minst ei form for kommunikasjon. Det seier finskfødde Soile Hämäläinen. Ho har mastergrad i musikkvitskap frå NTNU med musikk og helse som tema, og ho har forska på joik og helse ved Universitetet i Tromsø.

Ho vil bruka forskinga si til å visa fram den verdien joiken har i eit helseperspektiv, og ho håpar at det vil bidra til ei større anerkjenning av den samiske kulturarven blant majoritetsbefolkninga.

Lettar på emosjonelt trykk

Musikkvitaren beskriv joik som eit kjenslespråk og det å joika som ein måte å handtera kjensler på.

– Emosjonar skaper eit trykk som må få utløp. Joiken er eit «sjølvuttrykk». Du kan uttrykka kjensler, få ut damp, seier forskaren og gir eit døme frå eit intervju med ein deltakar:

– Dersom eg er i dårleg humør ein dag, joikar eg på ein særskild måte. Då er det tydeleg for heile familien: No er det best at vi let ho få litt fred!

Personjoiken har ein viktig plass i den samiske kulturen. Slik joik skildrar eit menneske med tonar, rytmar og melodiar som er meinte å avspegla og fanga essensen av dette mennesket. Det heiter vanlegvis ikkje å joika om nokon, men å joika nokon. Ein kan også joika dyr eller landskap.

Fleire av kjeldene til Hämäläinen uttrykte at det å bli joika var ei sterk oppleving.

– Det blir sagt at det er den største gåva du kan få.

Aldri forska på før

– Utgangspunktet mitt er at mennesket er eit musikalsk vesen, og at musikk difor er helsefremjande. Litt tilfeldig vart eg spurd om joik og helse hadde blitt forska på, og det visste eg ikkje svaret på. Eg har ikkje funne døme i medisinske, helsevitskaplege eller musikkvitskaplege databasar på forskingsartiklar som undersøker joik og helse. Det er forska mykje på joik i andre perspektiv, men altså ikkje i samband med helse. Det syntest eg var overraskande.

Hämäläinen visste at ho måtte gå varsamt fram då ho sette i gang den første pilotstudien for å finna ut om dette var noko som kunne forskast på.

– Eg er ikkje samisk sjølv, og historisk har samane dårlege erfaringar med at nokon utanfrå kjem inn og skal forska på dei. Det har vore mykje forsking som skulle rettferdiggjera at samane kunne koloniserast, og at dei måtte «siviliserast». Skallemålingar er eitt døme. Samane vart sett på som lågareståande menneske.

Men dei ho kontakta, vart glade for at Hämäläinen ville ta opp dette temaet.

– Endeleg er det nokon som interesserer seg for dette, var det mange som sa. Det var godt for dei at eg ville løfta fram helseaspektet ved joiken. Det gjorde inntrykk på meg, seier Hämäläinen.

Det var under desse samtalane at forskaren skjøna at dette var viktig materiale for mange.

– Intervjua viste tydeleg at joiken kan redusera emosjonelt trykk, og at joik sannsynlegvis har eit stort potensial som terapi for samar som er fortrulege med joik.

Gunstig ved demens

Ei av historiene i den første studien gjorde inntrykk.

– Ein tilsett på ein institusjon kunne personjoiken til ein av pasientane som budde der. Pasienten var sterkt redusert, kommuniserte ikkje med nokon og fekk tilsynelatande ikkje med seg det som skjedde rundt hen. Då den tilsette var innom rommet og joika personjoiken til pasienten, livna hen til, sette seg opp i senga og lurte på kven det var som hadde vore innom og joika hen, fortel Hämäläinen.

Dette gjorde at ho ville undersøka om ho kunne forska nærare på joik i samanheng med omsorg. Ho snakka med pårørande til folk med demens og tilsette ved institusjonar der det budde folk med demens, og ho fekk høyra mange historier om korleis personjoikar og andre kjende joikar har fått folk med demenssymptom til å bli markant betre.

– Dei kjenner kanskje ikkje att familiemedlemmer som kjem på besøk, men dei kjenner att personjoikane deira. Og når dei høyrer desse joikane, kan dei gå frå å vera heilt borte til plutseleg å vera ved sine fulle fem og kjenna att dei som er på besøk.

Skaper tryggleik

Hämäläinen meiner joiken kan vera med på å skapa tryggleik for desorienterte pasientar, som også kan ha låg tillit til hjelpeapparatet.

– Det kan til dømes vera godt å vita kven som steller deg. Om personalet då joikar ein joik frå sin eigen familie, veit pasienten med ein gong: «Ah, du kjem frå den familien!»

Hämäläinen meiner at studiane hennar viser at joik har eit stort helsepotensial i eldre- og demensomsorg.

– Joiken kan få pasientar med demens til å hugsa folk og få fram minne, i alle fall for ei lita stund. Han kan også vera eit viktig verktøy i kommunikasjon. For somme demenspasientar er joiken det einaste som er att av uttrykks- og kommunikasjonsformer, seier ho og legg til at joik som terapi er både praktisk og pragmatisk.

– Du kan joika når du vil, og kva du vil. Og du har alltid med deg det du treng – stemma di.

Mange av deltakarane i studiane til Hämäläinen uttrykte ønske om at joik blir nytta meir i helse- og demensomsorga. Studiane kan også ha overføringsverdi som kan komma til nytte i forsking på folkesongen til andre minoritetsgrupper.

– Eg håpar at denne kunnskapen kan snu noko i folk. Eg ønsker at den samiske kulturarven og joiken skal bli respekterte. Det har blitt ei hjartesak for meg, seier Hämäläinen.