Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Høyring om framlegg til rettskrivingsendringar


Språkrådet har sendt ut ei ålmenn høyring med framlegg til endringar i rettskrivinga for nynorsk og bokmål. Endringsframlegga gjeld mellom anna fleirtalsformer av livmor og løvetann, endring i bøyinga av sjåast i nynorsk og endringar for ord med hv-/kv- i bokmål. Fristen for å sende høyringsfråsegn er 24. april.

Samansette ord som livmor, løvetann og hermegås er spesielle fordi etterleddet har uregelrett fleirtalsbøying når det står for seg sjølv, jf. nynorsk mor – mødrer, tann – tenner og gås – gjæser. Fleirtal av samansetningane følgjer ofte grunnordet, men vi ser òg døme på regelrett bøying der. Endringsframlegga legg opp til meir systematikk i fleirtalsbøyinga av slike ord, men med omsyn til bruken slik han ovrar seg i tekstar.

For verbet sjåast i nynorsk er det framlegg om å ta inn forma sjåast i presens som valfri form attmed dagens systemrette form sest. Sjåast som presensform er svært utbreidd i nynorsktekstar i dag.

På bakgrunn av ein systematisk gjennomgang av ord som i dag har valfridom mellom hv- og kv- i bokmål, gjer vi framlegg om å ta ut av norma ein del former som er lite brukte i bokmålstekstar. Det gjeld mellom anna formene kvit, kvile, kvelve og hvitbjørn. I andre ord, som hval/kval og hvin/kvin, er det ikkje framlegg om endring i norma.

Vidare er det framlegg om justeringar av genusnormeringa for nokre substantiv, blant dei fart og låt, framlegg til endringar i preteritum av ein del bokmålsverb med -y- i infinitiv og dessutan framlegg om endringar for somme enkeltord.

Språkrådet ønskjer fråsegner om dei konkrete framlegga som det er gjort greie for i høyringsnotatet, gjerne med tilvising til dei relevante normeringsprinsippa slik dei er formulerte i retningslinjene for normering.

Kven som helst kan sende inn høyringsfråsegn. Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og blir publiserte på Språkrådets nettsider.

Frist for å sende høyringsfråsegn er 24. april 2023.