Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Hjelp, ein offentleg logo!


Tenk deg at du får eit brev i postkassa med ein statleg eller kommunal logo på konvolutten. Kva er den fyrste reaksjonen din?

Blir du glad for å få hjelp, for at det skjer noko i saka di, for at det er framgang? Kjenner du deg sett? Eller kjenner du deg liten og sliten allereie før du har begynt å lesa? Tenkjer du at det ikkje nyttar å opna konvolutten, for innhaldet i brevet er «lukka» uansett?

Eg har akkurat høyrt NRK-podkasten «På innsiden av Nav». Serien følgjer Ingrid Djupskås, som har vore i Nav-systemet i mange år. Ingrid fekk kreft som åtteåring. Seinare har ho amputert det eine beinet, avstiva ryggen, fått ein epilepsidiagnose og slite med utmatting. Alle skjønar at Ingrid ikkje kan stå i full jobb. Likevel tek det mange år å få avklara kor mykje ho kan arbeida. Dimed blir også vedtaket om uføretrygd sett på vent.

Ingrid seier: «Ser eg ein konvolutt med Nav-logo på, blir eg sliten. Eg har ikkje lyst til å opna han eingong. Mest truleg er det ikkje noko godt inni konvolutten uansett.»

Kvar og ein av oss er sårbare i møte med eit stort system. Ein innbyggjar er sjeldan i kontakt med det offentlege berre for moro skuld. Ein har ei oppgåve å gjera, eller ein treng hjelp. Når språket og kommunikasjonen blir ei hindring, er det lett å mista motet.

Er det ei ulempe å skriva nynorsk?

Ein maidag i 2019: Det er eksamen ved lektorutdanninga ved NTNU. Ådne Reidar Nes Kleppe har førebudd seg godt, og nå skal han visa kva han kan. Oppgåveteksten blir delt ut. Kleppe ser at nynorskteksten er dårleg formulert, og bokmålsversjonen og nynorskversjonen kan lesast på ulike måtar.

Han begynner å uroa seg – ikkje berre for sjølve oppgåveteksten. Kva med sensorane som skal retta eksamenen etterpå? Ser dei på nynorsk som mindre akademisk enn bokmål? Kleppe fryktar at han kan ha fått dårlegare karakterar på tidlegare eksamenar fordi sensorane kanskje ikkje har hatt god nok nynorskkompetanse. Burde han byta til bokmål for å vera sikker på at språket ikkje påverkar eksamensresultata?

Språklege haldningar smittar

I mars 2020 fekk Noreg testa beredskapen på mange måtar. Det var ikkje berre kapasiteten på intensivavdelingane våre og depota med smittevernutstyr som vart sette på prøve. Me fekk også testa den språklege beredskapen, som heller ikkje var heilt klar for ei krise.

Nynorskkommunar har ikkje fått sentral informasjon på sitt eige skriftspråk, og dei har måtta bruka mykje tid på å omsetja tekst. Og i appen Smittestopp kan ein velja både litauisk, somali, tigrinja og urdu (noko som er kjempebra!), men dessverre kan ein ikkje velja eitt av dei samiske språka, som er offisielle språk i Noreg og likeverdige med bokmål og nynorsk.

Teiknspråkbrukarar har ikkje hatt same tilgang til informasjon og tenester som resten av folkesetnaden. Siv B. Mittet skriv i Adresseavisen at ho har vorte ekskludert frå full tilgang til informasjon om korona, fordi møte og pressekonferansar frå kommunen ikkje har vorte teiknspråktolka. Og fleire medlemmar i Trondheim døveforening har rapportert om problem i helsevesenet, mellom anna fordi pasientar har fått avslag på søknad om teiknspråktolk på grunn av redsel for smitte. Bruk av munnbind har gjort kommunikasjonen ekstra vanskeleg.

Somme kan vera raske med å hevda at det ikkje er så viktig å rekna på nynorskprosenten eller å bruka ressursar på minoritetsspråklege midt i ei krisehandtering. Men eg vil snu påstanden på hovudet: Er det ikkje ekstra viktig å nå ut til alle innbyggjarar i ei krise? Skal me slutta å tenkja på mottakaren når det gjeld som mest?

Språklova skal gjera staten til ein betre stat

Ingrid fekk 60 prosent uføretrygd til slutt, Ådne fekk god karakter på eksamenen sin, og me har alle bidratt til å dempa konsekvensane av pandemien. Så kvifor trekkjer eg fram desse eksempla når det trass alt gjekk bra til slutt?

Fordi dette dreier seg om tilliten til staten. Ådne seier at han kjenner seg som ein annanrangs innbyggjar når språkvalet hans ikkje blir respektert. Når det offentlege signaliserer at dei språklege rettane hans ikkje er så viktige, så signaliserer det samtidig at han ikkje er så viktig. Korleis kan han stola på at dei andre rettane hans blir oppfylte?

Her har eg eit hjelpemiddel på lur. Den nye språklova, som tok til å gjelda 1. januar 2022, skal nettopp sikra dei språklege rettane til innbyggjarane, bidra til å byggja tillit mellom forvaltninga og innbyggjarane og leggja til rette for deltaking. Språklova skal sikra at innbyggjarane får klar informasjon frå det offentlege, og ho skal verna om dei språka som staten har ansvar for. Innbyggjarane som brukar desse språka, kan seia ifrå – og få svar – på det språket som dei kjenner seg heime i. Språklova er ei demokratilov.

Som språkdirektør veit eg at det blir arbeidd godt med språk mange stader i det offentlege. Nav er eit godt eksempel på ei verksemd som andre verksemder kan læra av: I Nav ser dei på klarspråk som eitt av dei viktigaste tiltaka dei kan setja inn for å bli betre tenesteytarar. Dei har tilsett eigne språkmedarbeidarar, og dei har ein podkastserie om språk som skal nå medarbeidarar på store og små Nav-kontor over heile landet. Nav tek nå systematiske grep for å byggja god språkkultur og få alle delar av organisasjonen til å bruka klart, mottakarvenleg og empatisk språk. Slike tiltak kan gjera det litt mindre skummelt for folk å opna eit brev med Nav-logo.

Eg ser samtidig at språkarbeidet ofte blir nedprioritert i det offentlege, gjerne på grunn av tidsnaud og ressursmangel. Språkarbeid blir sjeldan sett i system på ein arbeidsplass. Eg vil minna om at me som er tilsette i staten, er på jobb kvar dag for innbyggjarane. Dialogen med innbyggjarane skal skje på deira premissar. Språklova skal flytta makt frå det store systemet og ut til kvar enkelt innbyggjar, slik at Ådne, Siv, Ingrid og alle andre som er i kontakt med det offentlege, opplever at dei blir sett og møtt på ein ordentleg måte. Da får me tillit tilbake.