Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Gratulerer med morsmålsdagen!


Den internasjonale dagen for morsmål vart innført av UNESCO i 1999 og markert for fyrste gong i 2000. Målet med dagen er å fremje det språklege og kulturelle mangfaldet i verda.

Den 21. februar 1952 vart studentar skotne og drepne av politiet i Dhaka. Grunnen var at dei demonstrerte for å få morsmålet sitt, bengali, godteke som det eine av to nasjonalspråk i det dåverande Pakistan. Dhaka er i dag hovudstaden i Bangladesh.

Ein reknar med at over halvparten av dei 7000 talespråka i verda vil forsvinne innan utgangen av dette hundreåret. Norsk er eit stort og livskraftig språk i verdssamanheng, men i Noreg har vi også fleire små og truga mindretalsspråk. Både dei små og store språka våre er morsmål og hjartespråk for morsmålsbrukarane, og både norsk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Alle språka våre treng eit sterkt vern om dei skal leve i framtida.

– Dersom folk ikkje får bruke morsmålet sitt, blir det vanskelegare for dei å delta i samfunnet. Små språk er særleg utsette i den digitale tidsalderen. Om vi ønskjer at alle skal ha like god tilgang til samfunnsliv, styre og stell på digitale flater, hastar det med å setje i verk målretta tiltak. Det trengst òg språkpolitiske krafttak for å hindre at digitaliseringa skal føre til språkdød. Når eit språk døyr, er det eit tap for heile verda, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås. – Det å hegne om språkmangfaldet heng nøye saman med arbeidet for toleranse og likeverd mellom menneska på jorda.