Hopp til hovedinnhold

Godt nettår!


Eit nytt år står for døra, men vi nyttar høvet til å kikke på nettsakene folk likte best på språkrådet.no i året som gjekk.

Språkrådet.no hadde 3,7 millionar unike sidevisningar i 2022. Samlinga med språksvar, svarbasen, som er det hjørnet av nettstaden vår med størst trafikk, hadde 1,4 millionar unike sidevisningar i 2022. Den mest lesne artikkelen i svarbasen tar for seg bruken av orda eit og eitt.

Ikkje overraskande var nyheitssaka om at Noreg har fått ny språklov den mest lesne (3 632), medan saka om kong Charles og dronning Camilla og saka om årets ord (krympflasjon) kom på høvesvis andre- og tredjeplass (2 642 og 2 520).

Den mest trafikkerte temasida på nettsidene våre i 2022 var, som i fjor, Språkhjelp, med over 800 000 unike sidevisningar. Der fekk særleg sida om forkortingar mykje besøk, føre sida om feil bruk av ord og uttrykk og bruk av å eller og.

Vi ønskjer alle gjestane våre velkomne attende i 2023!