Hopp til hovedinnhold

Er maskin-nynorsken god nok?


Språkrådet har testa dei mest brukte omsetjingsverktøya. Minst kvar tredje maskinomsette setning bør omarbeidast av eit menneske, viser undersøkinga.

Bakgrunn

Språklova krev at sentrale statsorgan vekslar mellom bokmål og nynorsk, og at dei skriv både korrekt og klårt. Svært mange statsorgan og andre offentlege verksemder nyttar digitale verktøy til å omsetja tekstar frå bokmål til nynorsk. Det er difor viktig å undersøkja om dei mest brukte maskinomsetjingsverktøya held mål.

Føremål

Målet med undersøkinga er at dei som har språkansvar i offentlege organ, skal få eit betre grunnlag for å avgjera

  • om organet bør kjøpa inn / bruka eit omsetjingsverktøy
  • kva verktøy som høver best
  • kva som er forsvarleg bruk av verktøya
  • korleis resultata kan kvalitetskontrollerast

Undersøkinga skal òg gje utviklarane grunnlag for å forbetra verktøya.

Hovudfunn

Undersøkinga viser at mange setningar er godt omsette, og at over halvparten er akseptabelt omsette. Men minst éi av tre omsette setningar krev retting eller omarbeiding. Det gjeld same kva verktøy som er brukt.

Hovudkonklusjon

Skal statsorgana oppfylla krava i språklova, kan dei ikkje publisera maskinomsett tekst på nynorsk utan at eit menneske med den naudsynte kompetansen har kontrollert teksten.

Omsetjingsverktøya

Omsetjingsverktøya som er i bruk, kan delast i to hovudgrupper: dei regelbaserte og dei KI-baserte.

Vi testa dei tre regelbaserte norske verktøya Apertium, Nynorskoversetteren og Nynorskroboten. På KI-sida testa vi Copilot, ChatGPT og ein KI-støtta variant av Nynorskroboten.

Sjølve undersøkinga

Verktøya vart brukte til å omsetja ei rekkje utdrag frå autentiske dokument frå offentleg forvaltning, fyrst og fremst lovtekst, NOU-tekst, planar og rettleiingar.

Tre språkkonsulentar evaluerte omsetjingane. Dei fekk presentert eit tilfeldig utval av omsette enkeltsetningar og vurderte omsetjingane i tre dimensjonar:

  • rettskriving (formelt rett eller gale)
  • informasjonsoverføring (presis eller upresis omsetjing)
  • flyt (godt eller dårleg språk elles)
Gjennomsnittsskår for maskinoversetting
Gjennomsnittsskåren gjev ikkje grunnlag for å peika på kvalitetsskilnader mellom verktøya. Skilnadene er små og for det meste ikkje statistisk signifikante.

Konklusjonar

Dette er konklusjonane i rapporten:

  • Alle verktøya produserer grunne omsetjingar (ord for ord).
  • Det er språklege feil eller lyte i over ein tredel av setningane. Feila er av alle slag.
  • Regelbaserte og KI-baserte verktøy kjem nokså likt ut i denne granskinga, men dei regelbaserte har kvalitetar som ikkje er nærare undersøkte.
  • Språklova slår fast at statsorgana skal bruka korrekt og klårt språk. Sidan omsetjingsverktøya gjer talrike og uføreseielege feil, kan ikkje dette kravet oppfyllast utan full manuell gjennomgang av dei maskinomsette tekstane. Ein maskinomsett tekst må reknast som eit utkast.
  • Sidan feila i tekstane er av alle slag, kan dei ikkje rettast ved hjelp av ei enkel sjekkliste. Statsorgana må difor ha tilgang til fullgod nynorskkompetanse.

Råd om forsvarleg bruk med meir

Rapporten (kapittel 9) inneheld òg nærare råd om forsvarleg bruk og utvikling av omsetjingsverktøy i framtida. Mellom anna etterlyser Språkrådet funksjonar som varslar om tvilstilfelle, og som integrerer kvalitetssikra språkressursar (ordbøker, grammatikkar) i grensesnittet.