Hopp til hovedinnhold

Det gjekk på engelsk – og norsk?


Engelsk, engelsk, engelsk, litt norsk, engelsk. Slik er mediekvardagen for barn og unge. Gjer det noko?

Du har kanskje sett animasjonen der ein aldrande Steve Buscemi har kapsen bak fram og eit rullebrett under armen. Han skal infiltrere ein ungdomsskule og gir seg ut for å vera ein tenåring. Han helsar medelevane med frasen «How do you do, fellow kids?». Animasjonen blir brukt når godt vaksne folk prøver å verke kule og ungdomlege (som regel utan å lykkast særleg godt).

Statlege byråkratar i 50-åra kan nok kjenne seg att i dette når temaet er TikTok, dataspel og ungdomskultur. Vi har ikkje tenkt å gå i gamlingfella her, og vi skal heller ikkje skulde på ungdomen for at engelsk har så stor plass i mediekvardagen deira. Derimot meiner vi at det er viktig å snakke om kva for ambisjonar vi skal ha for medieinnhald på norsk som kan treffe unge målgrupper.

Nye tal frå Medietilsynet viser nemleg at engelsk er språket flest barn og unge brukar når dei er på sosiale medium, når dei ser på film, seriar eller fjernsynsprogram, eller når dei ser på YouTube. Norsk er språket flest brukar for å lesa, sjå eller høyre nyheiter.

På tvers av aktivitetane er det endå fleire som seier at dei i all hovudsak brukar engelsk i 2024 enn for fire år sidan, då vi undersøkte dette sist. Unntaket gjeld når barn og unge ser på film, seriar eller fjernsynsprogram, der bruken av norsk faktisk har auka litt dei siste åra.

Mindre dikt, meir data

Desse tala kjem neppe som ei overrasking. Norske barn og unge er ivrige deltakarar i ein engelskspråkleg ungdomskultur. Vi er på ingen måte imot at ungdomane blir gode i engelsk. Men vi registrerer at kanalar der norsk dominerer, tapar terreng, og vi fryktar at dette på sikt fører til at unge kan oppfatte språket sitt som irrelevant i sin eigen kvardag.

Å møte og bruke både engelsk og norsk er vel og bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande i forhold til det norske. Dersom det blir slik at norsk berre blir brukt i «gamaldagse» medium som bøker og aviser, medan engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, erfarer barn og unge at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd.

Når vi i tillegg veit at bruken av «tradisjonelle» medium stadig går ned, er det grunn til å rope varsku. SSBs store tidsbrukundersøking som vart publisert i september i år, viser at tida vi brukar på lesing, har falle drastisk. Aldersgruppa 16–24 år las i snitt 38 minutt kvar dag i 1980. I dag les same aldersgruppe 9 minutt. Tida blir heller brukt på sosiale medium, fjernsynssjåing og dataspel. Det vil seia at vi brukar mindre tid på medium der norsk står sterkt, og meir og meir tid på plattformer der engelsk dominerer.

Det er dimed mange ulike faktorar som gjer at tilgangen til norsk er dårlegare for barna våre enn før. Det treng vi vaksne å tenkje litt over.

Norsk blir valt når det er relevant

Men ikkje alt er svart, for det finst område der norsk står sterkt. Årsrapporten frå Kantar 24Timer viser at vi som bur i Noreg, bruker stadig meir tid på norske nettaviser, og auken er størst blant unge vaksne. Vi er opptekne av det som er nært oss. Vi vil lesa om det som skjer i gata vår og i byen vår. Det er ikkje så relevant for oss om gatene er strødde i London eller om asfalten er holete i New York.

Dette viser at norskspråkleg innhald har ein fordel, nemleg at det er lokalt og potensielt hyperrelevant for lesargruppene. Desse fordelane må vi utnytte. Vi trur at det gode innhaldet blir valt uavhengig av kva plattform innhaldet finst på.

Vi treng ein fleksibel politikk som tek høgd for at medievanane er i rask endring. Men kanskje viktigast av alt treng vi høge ambisjonar for medietilbodet til barn og unge. For å skapa trygge språkbrukarar trengst det gode språklege førebilete. Norske ungdommar må få sjå språket sitt i bruk i samanhengar som er relevante for dei, altså på dei digitale flatene dei liker best.

Ingen kommer undan politiken?

Vi kan ikkje forby alt vi er skeptiske til, men vi kan leggje til rette for det vi vil ha meir av. Noreg har ein offensiv medie- og kulturpolitikk som har gitt barn og unge eit rikt tilbod gjennom tradisjonelle medium. Det finst generelle tiltak som til dømes momsfritak for festivalar, kinoar og scenekunst og nullsats for bøker og aviser. I tillegg kjem direkte tilskot til til dømes NRK, filmproduksjon, redaktørstyrte medium og andre aktørar som syter for mangfald innanfor eit felt. Det er viktig at tiltaka omfattar ordningar som treffer dei unge, og som byggjer opp om formidling og distribusjon av norsk innhald.

Og til slutt: Vi vaksne er førebilete for barna, og våre eigne val er viktige. I staden for å seia «yo, kids, snakk litt meir norsk» til ungdomen kan vi sjølve lesa bøker og aviser og velja gode norske filmar, seriar og spel.

Helsing staten :-)

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet
Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Abonnerer du på Språknytt?

Nyheitsbrevet gir deg sakene rett i innboksen: Les om språkutviklinga og språkpolitikken. Få tips og råd til bruk i språkkvardagen.

Ikkje det? Registrer deg her!