Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Chatbot og betring


I samarbeid med Nynorsk pressekontor, NTB Arkitekst og Nasjonalbiblioteket skipar Språkrådet til eit gratis seminar om språk, omsetjingsteknologi, robotjournalistikk og ChatGPT.

Digitaliseringa endrar vilkåra for tekstproduksjon. Vi får meir tekst og færre skribentar. Kva finst av teknologi på området i dag, og korleis ser framtida ut? Korleis kjem teknologien til å påverke opplæringa og vurderinga i skulen og den høgare utdanninga? Og kva skjer med den faglege kvaliteten, kunnskapen og sjølve språket?

Dato og tid: 16. mars 2023, kl. 12.30–16.00
Stad:
Pressens hus, Skippergata 24, 0154 Oslo

  • Meld deg på seminaret.

Seminaret blir også strøymt.