Hopp til hovedinnhold

Bro eller bru? Kull eller køl?


Norske kommunar vel namn på og vedtek skrivemåten for mellom anna tettstader, grender, vegar, torg og kommunale anlegg. Korleis skal kommunen gå fram for å vedta eit namn?

Tettstaden har fått eit nytt torg. Kommunen skal vedta eit namn og set nå i gang prosessen med å få fastsett skrivemåten for namnet. Men kven avgjer om den nye samlingsstaden blir heitande Brotorvet eller Brutorget?

– I starten av ei namnesak ynskjer vi at flest mogleg skal uttala seg. Da finn vi ut kven som skal bli høyrd i saka. Vi tek kontakt med grunneigarar, historielag og velforeiningar. Vidare informerer vi i avisene og på nettsidene våre. Det er omfattande, men det er viktig at folk bidrar med kunnskap og engasjement, seier Nina Ennis Dokken i Asker kommune.

Kartverket gir god rettleiing

Dokken seier at dei færraste kommunar arbeider med stadnamnsaker til dagleg, og dimed kan det vera krevjande å få til gode rutinar for arbeidet. Difor trekkjer ho fram rettleiingsressursane hjå Kartverket og seier at Asker kommune alltid følger desse rettleiingane.

Det er litt ulik saksgang etter kva type namn det er snakk om. Kommunen vedtek adressenamn, medan Kartverket vedtek mellom anna gardsnamn, bruksnamn og naturnamn. I saker som gjeld slike namn, skal kommunen kunngjera at namnesaka er reist, samle inn høyringssvara som kjem inn og sende dei til Språkrådet for å få tilråding om skrivemåte. Når Kartverket har gjort vedtak om eit namn, gjer kommunen vedtak om avleidde adressenamn.

Kommunane sjølve er vedtaksmyndigheit for blant anna namn på vegar. Etter høyring og tilråding frå Språkrådet blir vegnamnsaker sende til formannskapet, som gjer vedtak. Bestilling av vegnamn kjem som regel internt når kommunen regulerer inn nye vegar. I båe tilfelle er det mogleg å klaga på skrivemåten, men ikkje på valet av namn.

Kan bli stort engasjement

Dokken fortel at det varierer frå sak til sak kor mykje innbyggjarane engasjerer seg, men av og til kan folk ha sterke kjensler knytte til stadnamna.

– Nokre gonger kan diskusjonane bli heftige med brev til statsforvaltar og utspel i lokalavisene. Det kan vera vanskeleg å spå på førehand kva reaksjonane vil bli.

– Stadnamnlova seier at skrivemåten for eit stadnamn skal ta utgangspunkt i den lokale nedarva uttalen. Kan det oppstå vanskelege saker der dagens innbyggjarar ikkje kjenner seg att i ein tradisjonell og dialektnær skrivemåte?

– Det kan skje. Asker er også ein stor kommune som er slått saman av dei tidlegare kommunane Asker, Hurum og Røyken. Sør i kommunen er dialekten noko breiare, medan dei meir bynære strøka har mange innflyttarar og er orienterte mot Stor-Oslo. Vi hadde for eksempel eit vegnamn der vi føreslo skrivemåten Kølbrennerveien. I dag vil nok mange seia «kull», men den tradisjonelle uttalen er «køl».

Ny kommune, nye namn

I kjølvatnet av kommunesamanslåinga i 2020 kom det ein del namnesaker. For eksempel var det fleire vegar i dei samanslåtte kommunane som hadde like namn.

– Det var mange adressenamn i nye Asker kommune som måtte endrast. Vi arbeidde med det i om lag to år og brukte lang tid på å finne ut kva namn som skulle behaldast, og kva namn som skulle bytast. Sjølv om det var omfattande, var det viktig å ta seg god tid. Vi annonserte, var tilgjengelege på innbyggjartorget og informerte så godt vi kunne, seier Dokken.

– Det er litt ulik måte å arbeide med stadnamn på i dei tidlegare kommunane. For eksempel har Hurum eit historielag som er veldig engasjerte. Asker hadde tidlegare eit namneråd, men det finst ikkje lenger. Difor må vi arbeide litt ulikt for å engasjere folk i ulike delar av kommunen.

Bilde frå e-læringskurset «Vegen til stadnamnet».