Hopp til hovedinnhold

Alt går i sirklar


Kva er skilnaden på gjenbruk og ombruk? Eller gjenvinning og resirkulering? Når ekspertane endeleg er samde om terminologien, blir det lettare for både det offentlege og private å vera berekraftige.

Kan ord redde jorda? Språket bør iallfall ikkje stå i vegen for eit grønare samfunn, meiner standardiseringsorganisasjonen ISO, som nettopp har lansert tre standardar for sirkulær økonomi. Den eine standarden handlar om terminologi.

Kva er eigentleg sirkulær økonomi? ISO-standarden NS-ISO 59004: 2024 Sirkulær økonomi – Terminologi, prinsipper og veiledning for implementering definerer det slik: «Sirkulær økonomi er eit økonomisk system som bruker ei systemisk tilnærming for å oppretthalde ein sirkulær flyt av ressursar ved gjenoppretting, bevaring eller tilføring av tilleggsverdi og samtidig bidra til berekraftig utvikling.»

Litt komplisert? Marit Hauken, prosjektleiar i Standard Norge, forklarar:

– Sirkulær økonomi handlar ikkje berre om sjølve produktet, men om alt som ligg rundt. Ein kan ikkje ha ein sirkulær økonomi i samsvar med denne standarden utan at ein bidreg til ei berekraftig utvikling.

– Kvifor treng vi standardar for sirkulær økonomi?

– Uttaket av ressursar frå naturen er så stort i heile verda. Det går på kostnad av urørt natur. Vi tek ut mineral, stein, plantar og alle slags råvarer i industriell produksjon. Vi mistar naturområde, og produksjonen i seg sjølv fører til miljøskadar. Og verda er i ferd med å gå tom for nokre ressursar, slik som jordmineral til datateknologi og fornybar energi. Vi treng ein sirkulær økonomi for å forvalte ressursane betre. Dessutan er avfall og handtering av avfall eit stort problem.

Gjenbruk eller ombruk

I tillegg til å definere sirkulær økonomi inneheld standarden visjonar og grunnleggjande prinsipp. Han forklarar kva grep ein kan ta for å fremja ein sirkulær økonomi, og gjev rettleiing om korleis ein kan innføre slike grep. Målgruppa er alle typar organisasjonar: private og offentlege, små og store.

Når vi har ein presis terminologi, kan vi lettare snakke presist saman og samarbeide meir effektivt. Marit Hauken illustrerer:

– Fysiske ressursar kan vera ein heil ting, for eksempel ein bil. Det kan også vera ein del av ein ting, som ei bildør. Eller det kan vera materiala som tingen er laga av, som jern og metall. Vi treng gode ord og omgrep for å kjøpe og selja produkt og delar av produkt på ein presis og effektiv måte.

Hauken seier at det er mange omgrep som lett kan blandast saman, difor er det viktig å definere dei.

– Det er skilnad på gjenbruk og ombruk, for eksempel. Eller reparasjon og oppussing. Reuse på engelsk vil vi omsetja til ombruk, det at ein bruker eit produkt til same formål som ein har tenkt i utgangspunktet. Ein kopp blir brukt som ein kopp. Refurbish er å setja i stand eit produkt som ein bruker til same formål som opphavleg, men meir omfattande enn ein reparasjon. Ein overhaler ein moped og bruker den som ein moped. Repurpose er å tilpasse eit produkt til eit anna formål. Ein kopp blir endra litt og brukt som ei vase. Slike nyansar hjelper oss å finne ut korleis vi kan bruke ressursane betre.

Ser stor nytte av felles språk

SINTEF, ein av Europas største forskingsinstitusjonar, arbeider strategisk med berekraft, og Sigurd Sagen Vildåsen leier konsernsatsinga på sirkulær økonomi. Han ynskjer ISO-standardane velkomne.

– Vi har vore tett på utviklinga av standardane sidan 2019, og vi ser stor nytte av eit felles språk. Vi er opptekne av å følgje opp den nye lova om berekraftige produkt og verdikjeder som skal fremja sirkulær økonomi. Vi treng standardane for å forstå kva krava inneber i praksis, både for oss direkte og for samarbeidspartnarane våre.

Vildåsen seier at det er ei generell utfordring at aktørar tek i bruk ulike omgrep og eigne tolkingar. Ein fagleg forankra terminologi medverkar til å halde diskusjonane på eit meir modent nivå, noko som er naudsynt for at teknologien skal utvikle seg effektivt, og at ein kan finne gode løysingar på problema ein har.

– Det kan skapa friksjon i eit prosjektsamarbeid dersom aktørane har ulike forventningar og mål fordi ein forstår orda ulikt. Eit typisk eksempel er når nokon trur at sirkulær økonomi og resirkulering er det same. Med standardar for kva sirkulær økonomi faktisk er, slepp vi å bruke energi på slike diskusjonar.

– Kan terminologi vera med og «redde verda» og gjera ho meir berekraftig?

– Frå mitt perspektiv er målretta lovgjeving naudsynt for å endre det økonomiske systemet i ei meir berekraftig retning. Lover består av ord, og presis terminologi blir dimed avgjerande for å sikre intensjonen til lovgjevaren og i neste omgang få praktiske resultat.

Sei nei!

Standard Norge har starta arbeidet med å omsetja standardane til norsk. Terminologistandarden har allereie eit utkast klart.

– Vi har dyktige omsettarar, og eg har inntrykk av at det har vore eit kjekt arbeid så langt. Nå skal vi dykke inn i materien for å finne dei verkeleg gode, norske orda. På engelsk har dei leikt seg litt med orda, dei har tradisjon for det. Dei har ei lang rekke med ord som begynner på re-, seier Hauken.

Ho remsar opp: refuse, rethink, reduce, repair, reuse, refurbish, repurpose, recycle, recover, remine.

– Det er ei nøtt for oss å omsetja desse orda med den same valøren på norsk. Men alle desse re-orda er viktige prinsipp for å koma inn på nye spor. Refuse, å nekte eller å seia nei, betyr at vi må spørja oss om vi verkeleg treng ein ny ting. Er svaret nei, så skal ikkje tingen setjast i produksjon. Rethink er eit anna viktig prinsipp. Det handlar om å tenkje på nye konsept i staden for å laga nye ting. I staden for å laga ein ny kopp kan vi laga byteordningar eller abonnementsordningar for koppar. Ein kan framleis tene pengar utan at ein må laga eit fysisk produkt.

– Trur du arbeidet med sirkulær økonomi kjem til å få eit oppsving framover?

– Ja! Det trur den norske standardiseringskomiteen òg. Med ei norsk omsetjing av standarden vil arbeidet få fart i Noreg. Alle som har delteke i arbeidet, trur det òg vil få eit oppsving globalt. Nokre europeiske land synest at standardane kunne gått enda lenger. Men i standardiseringsarbeid prøver vi alltid å bli einige.

Grønn, klimasmart og sirkulær – ord uten innhold?

Vi omgir oss med en rekke ord som skal vise at vi er oppdaterte på klima, miljø og natur.  Men hva mener vi egentlig med disse ordene? Har vi en felles forståelse av hva ordene betyr, eller er de tomme ord uten mening?

For å utforske dette inviterer Språkrådet, Standard Norge og Skift til et lunsjmøte der vi skal diskutere hvorfor et presist og nyansert språk er viktig for å lykkes med den grønne omstillingen.

🗓 Tirsdag 22. oktober kl. 11–12.30
📍Nasjonalbiblioteket og digitalt

Meld deg på her.