Hopp til hovedinnhold

Steinkast

Spørsmål

Eg har fleire gonger fundert på kor langt eit steinkast er. Veit de om det finst noko slags cirkamål for det?


Svar

I Nynorskordboka er steinkast forklart som 1 ‘steinkasting’ og 2 ‘avstand, lengd så langt som ein kan kaste ein stein’.

Ordboka nemner «det ligg berre eit steinkast unna» som døme på praktisk bruk. Eit steinkast er eit særs omtrentleg mål, som berre kan sirklast varsamt inn. For kven er «ein» i definisjonen? Det er vel ofte ein sjølv. I så fall er det ikkje fritt for at somme overvurderer styrken og kasteteknikken sin noko. Eller kanskje målet nærmar seg eit gjennomsnitt av (tenkte) gjennomsnittskast hos ulike personar? Det er i så fall ikkje til mykje hjelp!

Ordlaget finst i fleire språk, og det er all grunn til å tru at vi har hatt noko liknande i målet sidan steinalderen. Det eldste litterære dømet er frå Det nye testamentet: «Jesus drog seg ifrå deim (læresveinane) so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad» (Luk 22,41). Det var nok ingen som tok nøyaktig mål då heller.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.