Hopp til hovedinnhold

Hamster

Spørsmål

Vi sit og diskuterer om det heiter ein hamster eller eit hamster? Kan de avgjera saka? Kjem forresten hamster av å hamstra eller omvendt?


Svar

Svaret er ein hamster – den hamsteren. Og substantivet ligg til grunn for verbet.

I den digitale boksamlinga til Nasjonalbiblioteket (bokhylla.no) leiter vi (våren 2017) nesten fåfengt etter eit hamster før Elin Brodins roman Skade frå 1994. Men kryr av hamstrar i hankjønn både lenge etter og over hundre år attende. Det fyrste sikre «hamsteret» i avisspaltene finn vi i Asker og Bærum Budstikke i 1984.

Hamstermarsjen

«Hamsteret» er på frammarsj for tida. Mykje tyder på at det er born som har gjort hamsteren til eit inkjekjønnsdyr. Simon Flem Devold undra seg i Aftenposten 4.5.2002 over at så mange skreiv til han om «hamsteret sitt». Når ein søkjer etter dyret på norske nettsider no (2017), finn ein lett 20–30 % inkjekjønn.

Hamsteren blir dermed meir språkleg jamstilt med marsvinet, ekornet/ikornet og lemenet. Somme meiner at noko av grunnen til språkendringa er at hamster minner om monster bakfrå (sjølve ordet, altså, jamfør -ster). (Noko liknande kan forresten ha skjedd med lemen, som ein gong i tida var eit hankjønnsord (*lemende), men vart omtolka til eit nøytralt ende-ord på line med til dømes eit levende ‘levande skapning’.)

Verbet

Hamster er kome inn i norsk via tysk og stammar visst frå slovensk eller eit anna slavisk språk. Det er substantivet hamster (tysk Hamster) som er utgangspunktet, og verbet hamstre (tysk hamstern) kjem av dét. Ei avleiing av verbet er substantivet (ein) hamstrar (tysk Hamsterer), altså ein som hamstrar.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.